17.mai i Eksingedalen

Av Liv Anne søn 09.05.2021 - 21:10
JA! Me lagar til 17.mai! Anna og Hege inviterer til alternativ feiring på Lavik.

Feiringa startar med tog frå butikken kl 12 til Rutatunet og tilbake. På butikken vert det høve å kjøpa is, brus, og det ein elles har lyst på. Kawe ynskjer velkommen til "Kawes kafè!" Det vert 60-meter arrangert ved butikken på sjølve dagen. I forkant vert det sett opp rebus for born med svarfrist kl 12.30 den 17.mai. Det vert premie til vinnar, i tillegg vert det premie til alle born til og med 10.klasse som har delteke på rebusen.

Det vert også sett ut “gjett kor mange nonstop” i kaffikroken på butikken.

Rebus og “gjett kor mange nonstop” er tilgjengeleg frå fredag 14.mai, begge med svarfrist innan 17.mai kl 12.30. Svaret sender du til: Hege eller Anna.

Rebusen er på plass,første bokstav i kvart ord er tilsaman løysingsordet.

Parker gjerne ved saga, slik at det vert bilfritt i butikkområdet. Me oppmodar om at ein må halda seg kohortvis eller med hustandmedlemmane sine, halde avstand, og sprite hendene.

I toget går skuleelevane først, så følgjer resten kohortvis etter. 

 

PROGRAM:

14.- 17.mai: Rebus for born   14.- 17.mai “Gjett kor mange nonstopp”

17.mai:

12.00: Tog

12.30: Velkomne, ord for dagen og nasjonalsongen

13.00: 60-meter ved butikken

13.45: Premieutdeling.

Vel møtt til ein triveleg dag saman med kjekke bygdefolk!