Ei oppkome av nyskaping og nyhende

Av redaktør ons 12.05.2021 - 14:32
Skulen med eigen peis som sytte for lun varme på ein kald januardag.

Målt i høve til folketal må Eksingedalen vera best i landet på nyskaping og kjelde til nyhende.

Av Thomas Førde, frilans journalist som besøkte Eksingedalen i januar

Undervegs til Eksingedalen hadde eg ei hotellovernatting på Voss. Der spurde eg meg litt føre mellom dei tilsette i resepsjon og i restaurant om veg- og køyretilhøve på siste etappe fram til mitt reisemål. Ei av dei tilsette melde at ho ikkje ein gong visste korleis ho skulle finna vegen dit og den andre gjorde det straks klart at i Eksingedalen hadde ho aldri vore. Neste morgon gav eg meg dermed i veg utan nemnande innsidekunnskap.

 

Skule med eigen peis

Vegen over fjellet frå Evanger viste seg til tider å vera krevjande å forsera. På glattisen nedover mot Eksingedalen tenkte eg at for å ferdast trygt på slike veg- og føretilhøve, bør bilførar påleggjast vidareutdanning eller få godskrive lang erfaring.

Vel nede i dalbotnen og fekk eg varm mottaking ved Eksingedalen skule, som er ein av særs få barne- og ungdomsskular her i landet med eigen peis.

Med 12 kalde minusgrader ute, var denne dagen seks elevar, assistent/timelærar og rektor samla rundt den knitrande peisvarmen.

–Me har det ikkje slik alle dagar, forklarar rektor, men ho legg til at på kalde dagar fyrer dei gjerne på peisen i store fri og elles oftast på fredagar.

I den lune peisvarmen fekk eg læra meir om korleis ein av landets aller  minste skular utviklar unge forskarar. Elevar og rektor fortalte om korleis dei tolmodig, grundig og akademisk hadde forska seg fram til at saueull er eit nedbrytbart stoff som kan resirkulerast i naturen og korleis dei hadde påverka produsentar av klede til å fjerna ikkje-nedbrytbare råvarer frå produksjonen.

Rektor Liv Anne Bergo demonstrerer bruken av handtein saman med Elias Bergo.

Geitemjølk og kjebab

Elevane fortalde også at dalen har fleire dyr enn folk og at mange av elevane bur på gardsbruk med husdyrhald.

Deira oppvekstmiljø ville eg sjå nærare på. Øvst oppe i dalen på Gullbrå i storslegen natur og så langt frå sentrale strok som du kan koma, ligg ei livskraftig grend med bygningar samla som i ein liten landsby.

Olav Gullbrå kunne syna meg 90 mjølkegeiter i eit topp moderne fjøs med mjølkeanlegg som kunne reingjerast ved at tankbilsjåføren berre trykte på knappen til vaskeautomaten. På nabogarden dreiv Evelyn Gullbrå oppdrett av geitekillingar, som skulle bli til kje-bab, eit nytt gatekjøken-produkt av topp kvalitet.

Dermed hadde eg i løpet av ein innhaldsrik dag i denne forunderlege og lange dalen samla råstoff til å kunne laga tre reportasjar som medlemsbladet til Norsk Sau og Geit etterspurde. Dessutan ville  bladet til Utdanningsforbundet at lesarane deira skulle få vita meir om nysgjerrigperane ved Eksingedalen skule.

På toppen av alt dette fekk eg vita om eit nytt prosjekt innan husdyrhald i dalen, som kan bli til reportasje frå mi hand  i ei lysare tid av året: Boer-geiter skal rydda busk og kratt slik at denne vakre dalen ikkje gror igjen.

Olav Gullbrå har eit topp moderne mjølkeanlegg og 90 geiter i fjøset.
Evelyn Gullbrå vil utvikla eit nytt kjøtprodukt av geitekillingar.

Eit fyrtårn i dalen

Som eit fyrtårn i den møre vinterkvelden ligg dalen sin einaste daglegvarebutikk. Eksingedalen Snarkjøp lyser opp på mange måtar. Butikken er ein særs viktig samlings- og møteplass for eksingedølene som  bur spreidd. Dessutan viste det seg at butikken var den første i landet som gjennom eit landsomfattande prosjekt for teknologiutvikling, får hjelp til å bli sjølvbetjente.

Dette viste seg å vera så nytt og spennande at Teknisk Ukeblad gjerne ville ha ei historie i tekst og bilde frå Eksingedalen Snarkjøp.

Hege Marie Lavik styrer opningstidene i ølskapet med frå mobiltelefonen skin.
Eksingedalen Snarkjøp ligg der som eit sosialt og teknologisk fyrtårn i dalen.
Kundane er nøgde med brukarvennleg teknologi i butikken. Her er familien Anna, Jørgen og velse Alma Bergo komne fram til betalingsterminalen.

Enda meir nytt og interessant låg på lur i bakhovudet då eg seint på kveld tok meg ut av dalen. Eg hadde under samtale med rektor Liv Anne Bergo og elvane hennar fått vita om Hillesvåg Ullvarefabrikk, som berre nyttar norsk ull i sine produkt og at desse produkta nå er meir etterspurde enn nokon gong tidlegare.

Eg hadde også fått høyra om elevar på skulen som hadde foreldre med fast jobb ved teknologibedrifta Uni Micro i Modalen. Dette er ei bedrift eg kjente lite til frå før og som viste seg å vera i front innan utvikling av skybaserte rekneskaps- og økonomisystem.

Begge desse bedriftene har eg seinare besøkt og laga reportasjar om.

Kven sa at livet står stille og er keisamt i utkant-Norge. Tvert om ta ein tur til Eksingedalen og bli inspirert. I tillegg til møte med nytenkjande og kreative menneske, som lever tett på dyr og natur, fekk eg glimtvis sett dalen sin flotte natur og fjellområde. Men dette vil eg gjerne venda tilbake til og sjå nærare på i ei lysare tid av året.

Helsing Thomas Førde, frilans journalist