Hipp hurra, Norge gjer meg glad.

Av Magnar man 17.05.2021 - 15:54
Pynta talar og transportmiddel. Og antibac lett tilgjengeleg.

At Eksingedalen har fått ei til feiring av nasjonaldagen viser at med pågangsmot, lyst til å prøve nye måtar å organisere kvardagen sin på og bruk av ny teknokogi, er det mykje som går an å få til i det som vert kalla utkant-Noreg. Dette var Ivar Bergo innom i sin tale, i tillegg til tankar om nasjonal sikkerhet, matforsyning og bondeopprør.  Og at å høyre om andre sine måtar å feire 17. mai på var det kjekke han hugsa frå sin barndoms festtalar.

Toget gjekk frå butikken, med flaggborg og skuleelevane i front
Etter god tradisjon er det eldste elev på skulen som ber det store flagget. Johannes Bergo gjekk taktfast i front, fram til Rutatunet på Lavik
Tale på heimebane er bra! Ivar Bergo heldt ein tale mange kjente seg att i - og hadde også viktige tankar om at me alle må ta vare på kvarandre.
Intitativtakarane Anna og Hege kan vera stolte over dagen. Det same med Kawe og Bjarte, radarparet i "Kawe og Bjarte sin kafè"!
Kort veg til isen - men var det nokon som slo Ivar sin rekord?
Full fart i 60 meter!
Både unge og eldre sette pris på å møta bygdefolket! Og også kjekt med tilreisande gjester.