Ny bokkasse på Mjelkeplassen

Av Liv Anne tir 25.05.2021 - 22:41
Ein god trimtur er turen opp lia til Mjelkeplassen på Bergo. Skriv deg opp i boka og klikk deg trimpoeng!

Trimløypa til Mjelkeplassen, eller Gygrakjeften, som posten heiter i Vaksdal Turlag Fjelltrim 2021, er ein bratt tur opp lia. Turen tek frå 15 til 35 minutt opp, alt etter tempo og ambisjonar. 

Ein god kveldstrim, eller ein god start for ein litt lengre tur: 

Vil du ha med deg spektakulær utsikt, gå mot venstre 200 m mot gjelet Gygrakjeften.
Frå gjelet ser du overhenget på Gygrakjeften, med frisk utsikt!
Ut over til venstre før gjelet, deretter litt nedover og du kjem til overhenget:
Her er det rett ut, med flott utsikt mot garden Binningsbø
Vil du gå lengre tur, så hald fram rett framover på Mjelkeplassen og følg merka sti opp Seterhaugen. Herifrå kan du gå mot Yksendalstølen eller mot Blånipa.
Turen startar like nedanfor skulen. Gå gjennom ei grind i straum-gjerdet, gå bakken opp til ei raud grind - deretter er det merka sti.