Bli med på ryddedugnad i Eksingedalen!

Av Liv Anne søn 30.05.2021 - 21:40

Denne veka er alle i Eksingedalen inviterte til ryddedugnad!  Dette er BIR sin dugnad "rydd en strand" som hjå her i Eksingedalen er "rydd langs veg og vassdrag". 

Alle er velkommen til å delta, og det gjer du slik: 

  • Rydd der du er eller bur, rydd aleine eller saman med nokon. 
  • Ryddesekkar hentar du på Eksingedalen Snarkjøp, eller på Bergo hjå Anna og Jørgen. 
  • Sekkane leverer du/de ved hyttecontainarane i dalen (Flatekval, Lavik, Nesheim eller Ekse) seinast søndag 6.juni. 
  • Sekkane vert henta mandag morgon (7.juni) av BIR sine bilar. 

Knips gjerne eit bilete eller to og send til annabergo@hotmail.com. Kjekt om bilete som kan publiserast i sak på eksingedalen.no i løpet av veka. Ryddinga er i regi av Eksingedalen Bygdaråd, og det er Anna og Jørgen som organiserer dette lokalt. 

Saman heldt me Eksingedalen rein!