Idrettsmerke i boks

Av Frøydis søn 30.05.2021 - 23:00

Like sikkert som våren kjem kvart år, kjem også invitasjonen frå Elisabeth Holth og idrettslaget om å ta idrettsmerke.

I dag stilte 6 jamnt spreke eksingedøler opp til hopp og sprett og pust og pes. Til syklinga på 400 m og 20 (10) km stilte det også opp fantastisk heiagjeng med flagg og motiverande rop. Ikkje rart me kom i mål innafor krava !

Neste år er det plass til enno fleire :-)