Årets eksingedøl – me treng tips!

Av Frøydis søn 13.06.2021 - 21:39

Årets eksingedøl – me treng tips!

Hedersprisen «årets eksingedøl» skal delast ut på ny, og me treng framlegg på kandidatar. Prisen er oppretta for å synleggjere positivt engasjement og arbeid for Eksingedalen eller folk i dalen, og den skal gå til ein person som har gjort ein god innsats for dalen siste året. Det kan vere for engasjement som også har foregått over fleire år. Prisen er planlagt å bli utdelt kvart år, men det vart ikkje noko utdeling i fjor grunna korona-pandemien. I år er det difor på høg tid med ny hederspris – og tid og stad for utdeling vil bli offentleggjort seinare.

Styret i bygdarådet tek endeleg avgjerd på kven som får prisen, og for å klare dette treng me innspel frå bygdefolket. Kven meiner du fortener ein slik tittel i år? Me oppmodar om å tenkja vidt - det er mange som kunne fortene ein pris for positiv innsats. Kven er din kandidat?

Send ditt framlegg no - med grunngjeving på mail til magnanes@online.no eller i posten: Magnar Nese, Eksingedalsvegen 2782, 5728 Eidslandet

Tidlegare utdelingar:

  • 2018: Hege Marie Lavik
  • 2019: Magnar Nese