Imponerande ryddeinnsats!

Av Liv Anne man 28.05.2018 - 21:12

Bygdarådet si oppmoding er: Me planlegg bosplukking veke 21 og 22. Etter avtale med BiR kan plastsekkar med bos kan leggjast ved hytte-containere for henting måndag i veke 23, altså måndag 4.juni.

Til hjelp kan de kome innom butikken på Lavik og få utdelt plastsekkar til dette, i tillegg til plasthanskar til bruk under bosplukkinga.

Naturfag i praksis for 3.klasse

 

Dugnad på Høvik: Laila inviterte til dugnad og kaffi etterpå!

Staus frå området: Kjersti og Roy har rydda frå Vetlejord til Vetlejordsfossen. Vigdis og Gerd frå Vetlejordsfossen og nedover, Laila og Bjørn nedanfor der att. Dan og Charlotte starta ved tunnelen og jobbar seg oppover.

Om lag 6 sekkar fulle!

 

Naturfagstime i praksis: "Me skal redda verda"

3.,4., 6. og 7.klasse ryddar frå skulen og nedover

Ei økt i naturfag frå skulen og nedover til Ospebakken

 

Solfrid og Magnar engasjert gjestene sine og rydda frå brua på Brakestad og opp til Trefall:

På begge sider av Ekso på Brakestad og opp til Trefall

 

Anna og Jørgen ror Bergovatnet rundt:  "Me bur på verdas finaste plass, i dag har me vore ute i fem timar for å plukka bos (plast) i strandsona rundt Bergovatnet. Me visste godt på førehand at det finns plast, men at mengda plast er så enorm sjokkerer likevel. 80 % er rundballeplast, elles mykje brøytestikker, ladbruksplast + plast/bos frå meg og deg. Slik som snusboksar, plastposar, tannkos, sko, mopp, sjokoladepapir, brusflasker, ølboksar, bøtter osv. Det er svært lett å sjå at dette er plast og bos som kjem med elva. Me har endå ikkje begynt på største stranda/ Vikane. Skjerpings folkens! Håpar alle tar tak i vassdraget og elles vert flinkare med handsaming av bos heim så det slepp og havna her og nedover i vassdraget." #samanmotplast #tavarepådalenvår

Heile skulen i aksjon i Vikane og området inst i Bergovatnet:

Det var mange som aldri hadde tenkt på at så mykje kjem med elva og legg seg i vasskanten. I vasskanten i Vikane fann me også mykje av det som er på veg til mikroplast, det som fisken så lett får i seg.

Mikroplast er småplastbitar, som er mindre enn 0.5 cm. Desse er vanskeleg å plukka, men iallfall hindra me no at fleire plastbitar vart smuldra opp...

Elevane trudde dei hadde funne fiskegarn, men det viste seg å vera rundballenetting.

 

Bergo er no rydda frå Vikane til Ospebakken. 

Oppsummert Bergo: 16 fulle posar, mange brøytestikker, eit oljefat som hadde komme ned Bergofossen og mange andre "rarietetar".

Alt levert ved hyttekontainaren på Nesheim!