Smilande 10.klassingar i Eksingedalen

Av Liv Anne fre 18.06.2021 - 08:19
Blide gutar, Johannes Bergo og Sigve Øvstedal, saman med ordførar Hege Eide Vik, kontaktlærar Anna Bergo og rektor Liv Anne Bergo Foto: Aud Marit Brønstad Bergo

Ordet smil vart trekt fram både i talen frå elevar, kontaktlærar og rektor. For gode smil kjenneteiknar dei begge to. Dei to vart særleg framheva for kor kjekke og greie dei er med dei yngste elevane på skulen, og at dei viser omsorg og bryr seg om dei som er rundt seg. 

Ordførar Hege Eide Vik, som også tidlegare musikklærar ved skulen, heldt personleg tale til gutane og ein tale på vegne av Vaksdal kommune. Ho delte ut verdibrev på 25 000 kroner som dei får utbetalt når dei kjøper sin første bustad i Vaksdal kommune.

Gutane fekk mange gode ord med seg på vegen - og etter det offisielle programmet inne inviterte foreldra til grillmat og kaker ute på skuleplassen. Der heldt det på i duskregnet til skumringstimen. 

Raud rose til alle elevane skuleåret 2020-21