Slå ring om butikkfolka våre!

Av Liv Anne tor 23.03.2023 - 09:58
Onssdag kveld var dramatisk for den vesle familien på butikken på Lavik. Heldigvis kom ingen personar til skade.
Brannen som herja rører ved alle i Eksingedalen. Butikken er hjarta i Eksingedalen, og Hege og Kawe har i fleire år gjort enormt mykje for å få butikken til å bli det den har vore.

I går mista familien alt dei eigde, og dei mista i tillegg arbeidsplassen sin.
Bygda er utan butikk, ein nærbutikk av det aller beste slaget!

 

Mobile Worker

LOPPEMARKNAD I EKSINGDALEN

Av Liv Anne tir 14.03.2023 - 11:50
Laurdag 1.april er det loppemarknad i Grendahuset Ljosheim! Husastyret i Ljosheim inviterer, og ynskjer seg både "lopper" og handlande gjester. Lopper kan leverast fredag 31.mars mellom klokka 16 og 19 i Ljosheim, eller kontakt Husastyret for avtale.

Dette er kjekk start på påskeferien!
Uni

Lunsj med Jubelblues!

Av Liv Anne ons 18.01.2023 - 10:47
Fredag 27.januar inviterer oppveksttunet både til lunsj og konsert.

Frå klokka 12 vert det servert påsmurte rundstykke og nysteikte vaflar - og etter det vert det "Jubelblues - midt i eit eventyr!"

Julefest!

Av Frøydis tir 27.12.2022 - 09:08
På Ekse grendahus blir det arrangert julefest kvart år på 2.juledag. Denne tradisjonelle festen måtte ta to nødvendige pauseår under koronaen, men var i år tilbake for fullt.

Førjulstradisjon

Av Magnar søn 11.12.2022 - 10:11
I adventstida er det tradisjon med konsert i kyrkjene våre. Annakvart år i Eksingedalen og Nesheim. Eksingedalen sokneråd inviterte dette året, og organist Ruben Gjertsen hadde sett saman programmet. Orgelelevane Heidi og Signe spelte denne ettermiddagen på piano. Instrumentet er kjøpt inn dette året, og er blitt det tredje instrumentet i kyrkjerommet. Koret Kilden var ein stor bidragsytar til programmet i lag med Ruben.

Fiberkabel heilt heim til eksingedølane

Av Magnar lør 10.12.2022 - 11:04
Remy Mjelstad (t.v) og Frode Nyhammer, begge frå Telenor, kom med julegåva til Eksingedalen på folkemøtet i Ljosheim mandag: Fiberkabel heilt inn i stova til alle husstander frå Flatekval til Trefall.

No har det løyst seg for dei i Eksingedalen som drøymer om å få fiberkabel heilt fram til stova. Vaksdal kommune har teikna kontrakt med Telenor, og Telenor på si side har også teikna kontrakt med entreprenøren ElTel om fiberutbygging i Eksingerdalen. Tempoplanen går ut på å strekkja fiberkabel fram til alle interesserte i løpet av 2023, med praktisk gjennomføring av prosjektet når den hardaste vinteren slepp taket.

Tilbodet gjeld både verksemder, bønder og private. Området det gjeld i denne omgangen, er frå Flatekval til Trefall. Resten av dalen kan kome med i ein mogeleg neste runde, men denne gongen gjeld det altså signal som primært skal ut frå sentralen som Telenor har på Flatekval.