Sigrid Moldestad kjem til Eksingedalen!

Av Liv Anne søn 25.02.2024 - 23:00
Sundag 28.april kjem sjølvaste Sigrid Moldestad til Grendahuset Ljosheim!
Dørene opnar 16.30. Det vert også sal av kringle, kaffi og bobler!

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.

 

Mobile Worker

Årets eksingedøl 2024

Av Magnar fre 12.04.2024 - 10:10
Eksingedalen Bygdaråd ynskjer forslag til "årets eksingedøl 2024. Utnemninga vil føregå på 17.mai-festen på Bergo. Foreslå den personen som du meiner fortener ei slik utmerking. Tenk på personar som du tenkjer på som viktige bidragsytarar for at dalen skal fungere, i smått og stort.
Send forslag til magnanes@online.no
Uni

Årsmelding Bygdarådet

Av Magnar ons 13.04.2022 - 11:15
Forslag til årsmelding frå Eksingedalen Bygdaråd er no tilgjengeleg under denne saka. Årsmeldinga er lagt ut som klikkbart vedlegg. Uttalen vedrørande konsesjonsfornyinga for Evangerutbygginga er også lagt ved her. Dette på grunn av at dette er den saka som det er brukt mest tid på i meldingsåret.
Innkalling og sakliste finn du også her.

Årets eksingedøl 2022

Av Magnar fre 01.04.2022 - 09:40
Til no har det vorte delt ut 3 diplomar til «Årets eksingedøl. Det er Bygdarådet som deler ut prisen. «Årets eksingedøl» vert kåra for å synleggjere positivt engasjement og arbeid for Eksingedalen eller folk i dalen.
Den som blir kåra til "Årets eksingedøl" er ein person som har gjort ein god innsats for dalen siste året. Det kan vere for engasjement som også har foregått over fleire år. Prisvinnar blir annonsert på 17.mai, og utmerking blir då utdelt.
Styret i bygdarådet tek endeleg avgjerd på kven som får prisen, og for å klare dette treng me innspel frå bygdefolket. Kven meiner du fortener ein slik tittel i år? Me oppmodar om å tenkja vidt - det er mange som kunne fortene ein pris for positiv innsats. Kven er din kandidat?

Send ditt framlegg med grunngjeving på mail til magnanes@online.no eller i posten: Magnar Nese, Eksingedalsvegen 2782, 5728 Eidslandet, innan 10 mai.

«Heilkveld» med Gunnar Staalesen

Av redaktør ons 30.03.2022 - 14:26
Ungdomskuleelevane i Eksingedalen var heldige. Dei fekk forfattartime framfor peisen med Gunnar Staalesen. Før det har dei lese den nye boka «2020 Post festum», laga familiekart, tenkt seg fram til dei ulike karakterane og og sett seg inn i dei historiske hendingane i boka.

Etterpå inviterte elevane til bokkafé for heile bygda, der Staalesen fortalde endå meir.