Mobile Worker

Konsert med "SOLKVERV"

Av Magnar man 10.12.2018 - 09:49
"SOLKVERV" held julekonsert i Nesheim kyrkje fredag 14. desember. Om innhaldet seier musikarane at det vert noko norsk tradisjonell julemusikk, folketonar , både norske og svenske. Av tekstar vil me kjenna att Alf Prøysen, Jakob Sande og Per Sivle. Det vert også delvis kjende amerikanske jolasongar, samt musikk av Duke Ellington.
Uni

Framdrift i mobilsaka

Av Svein tir 25.02.2014 - 17:30
Både den administrative og den politiske leiinga i Vaksdal kommune stilte sterkt med rådmann, ass. rådman, ordfører og varaordfører då dei inviterte til informasjonsmøte saman med Pål-Helge Lukashaugen frå Telenor om stoda i mobilsaka.

Haugen Fjellgard

Av redaktør tir 21.01.2014 - 18:42
Garden ligg midt i Eksingedalen, 2 km frå hovudvegen. Garden vert driven av ekteparet Kåre-Magnar Trefall og Elisabeth Holth, som driv mjølkeproduksjon og med sau. Haugen Fjellgard er eit bra utgangspunkt for turar i Eksingedalen sommar som vinter, og for fisketurar langs Ekso.

Nesheim

Av redaktør tir 21.01.2014 - 18:31
Stort hus til leige på Nesheim.
Hus til leige på Nesheim, i øvre del av Eksingedalen. Huset (300m2) består av 2 stover, 6 soverom, 2 bad. Huset er bygd i 1959. Badet og vaskerom er bygd på i nyare tid. Nytt kjøkken på 80-tallet.

Gullbrå Hytteutleige

Av Svein tir 21.01.2014 - 18:18
To hus tilleige på Gullbrå.
Kvitahuset: Nyoppussa hus tilleige.7/9 sengeplasser.Tv/parabol, oppvaskmaskin, vaskemaskin. Fullt utstyrt. Ta med sengetøy. Kan evt. leige dette for kr 150,-
(Sengetøy/handkler)

Steinhuset: Triveleg hus for utleige som inneheldt stove, kjøkken med alt utstyr, 3 soverom med 2 senger på kvart rom, her er dyner og puter med.
Dusj og toalett.

Dalastova Pensjonat

Av Svein tir 21.01.2014 - 09:54
Dalastova finn du på Flatekval, i den vide, nedre delen av Eksingedalen. Pensjonatet har ein stor bygningsmasse og 6 trivelege rom, og gjestar har fri tilgang til kjøkken, stove og opphaldsrom.
Pensjonatet ligg midt i beste området for fiske i nedre del av Ekso, med kort gangavstand til gode fiskeplassar