Mobile Worker

Tid for langrenn

Av Magnar tir 05.02.2019 - 10:50
Skigruppa i Eksinedalen IL har lagt planen for skirenn i Eksingedalen denne vinteren. Terminlista ser slik ut.

Terminliste langrenn vinteren 2019

• Onsdag 20.02 Lysløyperenn/hovudlyktrenn i fri teknikk kl. 19.00. Bergo/Nesheim

• Laurdag 02.03 Lagsmeisterskap klassisk stil på Nesheim kl. 13.00

• Laurdag 09.03 VM fri teknikk på Nesheim kl. 13.00


Det vil bli sendt ut påminning i forkant av arrangementa. Endeleg stad for kveldsrennet vil bli bestemt seinare.
Eksingedalen IL, ski

Kveldsrennet 20. februar er planlagt å gå på Bergo i lysløypa. Skulle det bli vanskeleg å få laga god løype der, går rennet på Nesheim der me veit det er faste og fine løyper. Det er full premiering på alle renn. Invitasjon til lagsmeisterskap og Vaksdalsmeisterskap vil bli sendt ut på e-post. Det vil også bli lagt ut informasjon på denne sida.
Uni

Framdrift i mobilsaka

Av Svein tir 25.02.2014 - 17:30
Både den administrative og den politiske leiinga i Vaksdal kommune stilte sterkt med rådmann, ass. rådman, ordfører og varaordfører då dei inviterte til informasjonsmøte saman med Pål-Helge Lukashaugen frå Telenor om stoda i mobilsaka.

Haugen Fjellgard

Av redaktør tir 21.01.2014 - 18:42
Garden ligg midt i Eksingedalen, 2 km frå hovudvegen. Garden vert driven av ekteparet Kåre-Magnar Trefall og Elisabeth Holth, som driv mjølkeproduksjon og med sau. Haugen Fjellgard er eit bra utgangspunkt for turar i Eksingedalen sommar som vinter, og for fisketurar langs Ekso.

Nesheim

Av redaktør tir 21.01.2014 - 18:31
Stort hus til leige på Nesheim.
Hus til leige på Nesheim, i øvre del av Eksingedalen. Huset (300m2) består av 2 stover, 6 soverom, 2 bad. Huset er bygd i 1959. Badet og vaskerom er bygd på i nyare tid. Nytt kjøkken på 80-tallet.

Gullbrå Hytteutleige

Av Svein tir 21.01.2014 - 18:18
To hus tilleige på Gullbrå.
Kvitahuset: Nyoppussa hus tilleige.7/9 sengeplasser.Tv/parabol, oppvaskmaskin, vaskemaskin. Fullt utstyrt. Ta med sengetøy. Kan evt. leige dette for kr 150,-
(Sengetøy/handkler)

Steinhuset: Triveleg hus for utleige som inneheldt stove, kjøkken med alt utstyr, 3 soverom med 2 senger på kvart rom, her er dyner og puter med.
Dusj og toalett.

Dalastova Pensjonat

Av Svein tir 21.01.2014 - 09:54
Dalastova finn du på Flatekval, i den vide, nedre delen av Eksingedalen. Pensjonatet har ein stor bygningsmasse og 6 trivelege rom, og gjestar har fri tilgang til kjøkken, stove og opphaldsrom.
Pensjonatet ligg midt i beste området for fiske i nedre del av Ekso, med kort gangavstand til gode fiskeplassar