Mobile Worker

Eksingedalen IL inviterer til Gygrakjeften Opp!

Av Liv Anne tir 03.09.2019 - 16:55

Mellom Bindingsbø og Bergo kan du sjå gygra øvst i Gygrakjeften. Laurdag 7.september er det klart for det heilt nye motbakkeløpet "Gygrakjeften Opp". Løpet startar ved skulen på Bergo, går først eit par hundre meter på veg før det ber oppover den bratte stien til Mjelkeplassen. Målgang er på Mjelkeplassen, og ein fin avstikkar etterpå er nettopp Gygrakjeften. Her er det luftig og god utsikt.

Dette er det fjerde og siste løpet i Motbakkecupen i kommunen dette året.
Uni

Doktorgrad til landsbygda, Frøydis disputerer!

Av Liv Anne tir 23.05.2017 - 19:22
Eksingedølen og "landsbygd-legen" vår, Frøydis Gullbrå, er no i siste innspurt med doktorgraden sin. Tysdag 30.mai disputerer ho for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “Children as next of kin and the general practitioner: A qualitative study about the general practitioner’s opportunities to help.”
Doktorgraden omhandlar "dei usynlege barna", barn av sjuke eller rusavhengige foreldre, og fastlegen si rolle i høve desse.

Sykkeltur frå Gullbrå til Tour des Fjords!

Av Liv Anne fre 19.05.2017 - 08:29

Eksingedalen IL sin årlege sykkeltur vert torsdag 25.mai, med start frå Gullbrå klokka 11. Turen går i år til Modalstunnelen, der det vert sosialt og kjekt medan me ventar på Tour de Fjords! 8.klasse har kafè med sal av kaffi og kaker, Pøylo serverer smaksprøvar og idrettslaget står for kaffikoking på bålpanne. Proff-syklistane er venta å passera mellom kl 14.30 og 15.

OPPTUR 2017 i Eksingedalen

Av Liv Anne ons 03.05.2017 - 20:33
Første onsdagen i mai kvart år er det turdag for mange ungdommar i Hordaland. Den Norske Turistforeninga har i fleire år gjennomført OPPTUR i mai for alle 8.klassingar. For første gong var det i år eigen OPPTUR i Eksingedalen, og for alle elevane ved Eksingedalen skule.

Arrangørar av Eksingedalen IL saman med Voss Utferdslag.

Lite ny asfalt i år

Av Frøydis fre 28.04.2017 - 19:09
Det har vore særs slitsamt - både for førar og bil å ferdast på vegane i Eksingedalen siste tida. Oppsprukken asfalt, humper og holer - og konsekvenser av vegarbeid set sit preg på bilturen gjennom dalen. Fleire stikkrenner er fornya - men er der håp om betring av vegdekket med det første?

Ullhuer frå Eksingedalen reddar liv i Afrika

Av Liv Anne ons 19.04.2017 - 20:38
Kvinne- og familielaget har i 10 år strikka huer til nyfødde born i Afrika. Denne veka var det årleg innsamling og i alt 546 huer vart samla inn. Her er det snakk om direkte hjelp frå strikkar, via vår "lokale jordmor" til mor og barn i Malawi eller Zanzibar. Jordmor Britt Eide viste bilete og fortalde frå mor/barn prosjekta i Afrika som ho har vore involvert i, om oppbygging av fødestover og kompetanse i dei to landa.

Folkevandringar i Eksingedalen

Av Liv Anne fre 14.04.2017 - 21:38
Jentene skin om kapp med sola!
Dette illustrerer to flotte Eksingedalsdagar, med skitur i etterlengta sol til Kvitanosi langfredag og meir enn fullsett gymsal til bingo på skulen skjærtorsdagskvelden. Eksingedalen IL er svært godt nøgde med frammøtet! Kring 180 vart talde på bingo, og jammen var nok talet endå høgare på Kvitnosturen. Fakisk snakk om rekord! Uoffisielle tal frå Gullbrå er 200 på tur!

Idrettslaget inviterer til påskebingo og tur til Kvitanosi

Av Liv Anne tir 11.04.2017 - 22:51
Eksingedalen IL har to gode påsketradisjonar: BINGO og PÅSKETUR!
Bingoen er som vanleg skjærtorsdag kveld, og fellesturen på ski går langfredag.
Kl 19.30 torsdag 13.april ynskjer laget alle velkomne til bingo i gymsalen på skulen.
Det vert som vanleg 4 omgangar bingo med kaffipause midtvegs.
Kr 20,- pr bingobrett
Kr 30,- for brus og mat / kaffi og mat
Diverre er det komme feil pris på bingobrettet på plakatane.
Hugs kontantar! Idrettslaget lovar mange fine gevinstar i år også!

Så håpar ein at vêret er lagleg for tur til Kvitanosi fredag. Start frå Gullbrå er klokka 11. Vêrmeldinga er noko usikker, så endeleg avgjerd om det vert arrangert fellestur eller ikkje vert teke torsdag kveld. Sjekk www.eksingedalen.no