Sigrid Moldestad kjem til Eksingedalen!

Av Liv Anne søn 25.02.2024 - 23:00
Sundag 28.april kjem sjølvaste Sigrid Moldestad til Grendahuset Ljosheim!
Dørene opnar 16.30. Det vert også sal av kringle, kaffi og bobler!

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.

 

Mobile Worker

Årets eksingedøl 2024

Av Magnar fre 12.04.2024 - 10:10
Eksingedalen Bygdaråd ynskjer forslag til "årets eksingedøl 2024. Utnemninga vil føregå på 17.mai-festen på Bergo. Foreslå den personen som du meiner fortener ei slik utmerking. Tenk på personar som du tenkjer på som viktige bidragsytarar for at dalen skal fungere, i smått og stort.
Send forslag til magnanes@online.no
Uni

Regnbogeflagg i Eksingedalen

Av Liv Anne man 14.06.2021 - 12:02

For aller første gong vart regnbogeflagget heist ved skulen i Eksingedalen i dag, måndag 14.juni -21. Eit nytt flaggreglement er vedteke i kommunen, og det vedteke at dette flagget skal heisast den andre måndagen i juni kvart år på alle skulane i Vaksdal. Det er tredje gongen flagget vert heist utanfor heradshuset på Dale.
Ved Eksingedalen skule var det 10.klassingane Sigve Øvstedal og Johannes Bergo som heiste flagget.

Feit mjølk er god mjølk!

Av Liv Anne søn 06.06.2021 - 21:48
Denne veka fekk bøndene Haldis og Gaute Øvstedal diplom for topp kvalitet på mjølka. Det er Felleskjøpet som deler ut denne prisen, der totalt 150 mjølkebønder vert heidra for ekstra god kvalitet. Det er over 8 000 mjølkebønder i Noreg, og to av dei 150 som leverer mjølk av beste kvalitet, høyrer heime i Vaksdal kommune.