Sigrid Moldestad kjem til Eksingedalen!

Av Liv Anne søn 25.02.2024 - 23:00
Sundag 28.april kjem sjølvaste Sigrid Moldestad til Grendahuset Ljosheim!

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.

 

Mobile Worker

Uni

Bli med på sommartur!

Av Liv Anne tir 13.07.2021 - 21:03
Turgruppa i Eksingedalen IL inviterer til sommartur i fine fjell i Eksingedalen førstkommande sundag, den 18.juli. Turen går frå Flatekval, til Njuken og Tuftane, og derifrå vidare om Grønbakken til Lavik.

Regnbogeflagg i Eksingedalen

Av Liv Anne man 14.06.2021 - 12:02

For aller første gong vart regnbogeflagget heist ved skulen i Eksingedalen i dag, måndag 14.juni -21. Eit nytt flaggreglement er vedteke i kommunen, og det vedteke at dette flagget skal heisast den andre måndagen i juni kvart år på alle skulane i Vaksdal. Det er tredje gongen flagget vert heist utanfor heradshuset på Dale.
Ved Eksingedalen skule var det 10.klassingane Sigve Øvstedal og Johannes Bergo som heiste flagget.