Sigrid Moldestad kjem til Eksingedalen!

Av Liv Anne søn 25.02.2024 - 23:00
Sundag 28.april kjem sjølvaste Sigrid Moldestad til Grendahuset Ljosheim!

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.

 

Mobile Worker

Uni

Årsrytme på heimegarden - Våronn

Av Svein lør 03.04.2021 - 09:27
Jakob Høvik (1931-2014) vaks opp på Høvik, i ein stor søskenflokk. Han vart seinare lærer og rektor, og busette seg etter kvart i Telemark. Etter at han gjekk av med pensjon, starta han å skrive ned smått og stort frå barndom og oppvekst i Eksingedalen. Mellom anna skreiv han om «livet på garden» og arbeidsoppgavene i dei ulike årstidene.
Eksingedalen.no har fått lov å publisere tekstane og vil legge desse ut som 4 artiklar utover året. Utdrag av teksten kan lesast i artikkelen, og heile teksten er vedlagt som PDF fil.
Det er sonen Kjartan Høvik som har sendt oss tekstane

Ny vurdering: Ras deler framleis Eksingedalen

Av Liv Anne ons 31.03.2021 - 21:22
Geolog har gjort undersøkingar og valet er å framleis halda vegen stengt.
Ny vurdering er torsdag 1.april kl 15:00, melder Statens Vegvesen.

Nokre eksignedølar har hatt lang veg på jobb denne veka, med bil om Evanger, Dalseid og Stamnes for å nå jobben på Mo. Likeeins har vegen vore lang til fastlegen på Mo for covid-vaksine. Andre har gått turen mellom Yksendalen og Fjellanger på si jobbreise eller for å henta varer frå nærbutikken.