Sigrid Moldestad kjem til Eksingedalen!

Av Liv Anne søn 25.02.2024 - 23:00
Sundag 28.april kjem sjølvaste Sigrid Moldestad til Grendahuset Ljosheim!

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.

 

Mobile Worker

Årets eksingedøl 2024

Av Magnar fre 12.04.2024 - 10:10
Eksingedalen Bygdaråd ynskjer forslag til "årets eksingedøl 2024. Utnemninga vil føregå på 17.mai-festen på Bergo. Foreslå den personen som du meiner fortener ei slik utmerking. Tenk på personar som du tenkjer på som viktige bidragsytarar for at dalen skal fungere, i smått og stort.
Send forslag til magnanes@online.no
Uni

Utegudsteneste med dåp

Av Magnar søn 16.08.2020 - 22:21
Ein svalande bris på ein varm dag i fjellet. Dette, samt naturen som vakre kulissar rundt gudstenesta med i underkant av 70 deltakarar, gjorde dåp under open himmel til ei hending for minneboka.
Dei siste åra her det vorte halde stølsgudstenester på ulike stølar i Nesheim sokn. Då ynskje om dåp i utegudstenesta vart ytra, vart Beinhelleren valt som stad. Behovet for å kunna nå staden med bil, gjorde at det ikkje vart ein stølsvoll dette året.

Kokeboka vann sølv!

Av redaktør fre 05.06.2020 - 17:41
Eksingedalen si nye bok, "Bygdebakst og Gommorgraut", fekk sølvplass i studentkonkurransen Gullkalven 2020. Prisutdelinga gjekk føre seg digitalt den 29.mai - og Håvard Bergo vann sølv i kategorien "Redaksjonelt design". Gullkalven er den største studentkonkurransen innan kreativ kommunikasjon i Noreg.

I tillegg vann Håvard bronsemedalje saman med Adrian Wollum Hanssen i kategorien Identitet.