Sigrid Moldestad kjem til Eksingedalen!

Av Liv Anne søn 25.02.2024 - 23:00
Sundag 28.april kjem sjølvaste Sigrid Moldestad til Grendahuset Ljosheim!

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.

 

Mobile Worker

Uni

Fin Kom deg ut - dag på Nesheim

Av Liv Anne man 03.02.2020 - 21:52
Kom deg ut-dagen er Den Norske Turistforeninga sin nasjonale turdag. Målet er å gje alle ein smakebit av friluftslivet - og forhåpentlegvis ein smakebit som gjev meirsmak!

I Eksingedalen vert Kom deg ut-dagen arrangert i samarbeid med Eksingedalen IL. Nysnø og nydelege løyper på Nesheim tok vakkert i mot.

Årsmøte-tid

Av Magnar man 27.01.2020 - 10:18
Bilete frå Eksingedalen IL sitt årsmøte i 2019

Eksingedalen sokn var først ute med å halda årsmøte. Det skjedde søndag 26. januar. Så kjem det fleire i dei neste månadane. Idrettslaget held sitt årsmøte laurdag 1. februar, og møtet startar med fellesmåltid der graut står på menyen. Førebels oversikt finn du ved å klikke på denne saka. Datoane finn du også på kalendaren.

Ein fin desember-kveld

Av Liv Anne ons 11.12.2019 - 09:40
Å laga kransar og dekorasjonar til jol er kjekt når ein gjer det i lag. I engasjert arbeid kring borda, sat praten og latteren lett hjå damene i Kvinne- og familielaget. Gløgg, kaffi og ferske lussekattar smakte godt inntil.