VÅR EKSINGEDAL!
Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen?
Kva er mest annleis i oppvekst før og no?
Er det annleis å veksa opp her enn andre stader? Kva er mest ulikt?
Dette er tittel og problemstillinga i Nysgjerrigperprosjektet til 1.-7.klasse ved Eksingedalen skule. Måndag denne veka fekk dei sølvmedalje i Nysgjerrigperkonkurransen 2019. Dette er det tredje sølvet til Eksingedalen skule, tre år etter kvarandre. Dei fire elevane jubla høgt, og fekk reisa til Hege på butikken for å kjøpa is og brus!
Elevane forska i år på seg sjølve. Dei har forska på om det er noko som er spesielt med sin eigen oppvekst i Eksingedalen. Dei har studert oppvekst for tre, folk og fe. Dette har dei gjort ved å skriva, lesa, teikna og dra på turar i bygda. Dei har vore i floren til Heidi og hjå geitene til Silje. Dei har smakt på mjølk rett frå kyrne og fått heimelaga is der Heidi hadde separert mjølka og så laga is til dei. Dei har lært mykje både om seg sjølv og om dei andre i klassegruppa si.