Barneteater i Ljosheim

Av Liv Anne man 07.09.2026 - 09:10
Tysdag 8.september inviterer Grendahuset Ljosheim og Eksigngedalen oppveksttun til Barneteater i Ljosheim.

Dei eldst elevane ved oppveksttunet er teatervertar. "Olle Bolle og Storebrum" er ei song og forteljarførestilling med utgangspunkt i Elsa Beskow, formidla av dyktige damer frå Voss: Astri Sudman og Kari Finne Sognnæs.

Forestillinga er open for born og vaksne i alle aldrar!

Vaksdal kommune kondolerer etter Hans Majestet Kong Haralds bortgang

Av Liv Anne fre 28.08.2026 - 15:11
Frå Vaksdal Kommune si nettside.
Foto: Kimm Saatvedt, Det kongelege hoff

Hans Majestet Kong Harald har gjennom eit langt liv i teneste for landet vore ein samlande monark for Noreg. Vaksdal kommune sender sine djupaste kondolansar til kongefamilien.


– På vegne av Vaksdal kommune vil eg uttrykka vår djupaste medkjensle med Dronning Sonja og kongefamilien ved bortgangen til Hans Majestet Kong Harald, seier ordførar Hege Eide Vik.
Uni

Oppveksttunet har hatt ryddeaksjon!

Av Liv Anne ons 21.05.2025 - 13:33
Eksingedalen oppveksttun har rydda søppel. Mandag 19.mai var ryddedag for heile oppveksttunet. Barnehagen plukka søppel rundt barnehagen og skulen, medan resten av elevane rydda langs fjellvegen, på Fylkesveg 5410.

Ei gruppe starta på Utsikten (mot Teigdalen). Heile vegstrekninga frå Mjelkegjelet og Ormaset til Nesheim vart rydda for brøytestikker og anna boss.

I lekse denne veka ryddar elevane heime – og oppveksttunet oppmodar alle i Eksingedalen om å rydda sin del av dalen vår.

Årets butikk! I Eksingedalen!

Av Liv Anne tir 13.05.2025 - 21:48
Måndag denne veka fekk butikkeigar Hege Marie Lavik den gjeve utmerkinga: Butikken på Lavik i Eksingedalen vart Årets Merkur-butikk i region Hordaland 2025.

Prisen vart delt ut av Merkur-programmet på Merkur-programmet sin regionale konferanse måndag kveld. Prisen går til butikkar som er gode døme for andre og viser korleis lokalbutikken kan vera ein viktig møteplass og motor i bygda.

Nilsalopp, bingo, ski og påskekos i Eksingedalen!

Av Liv Anne man 21.04.2025 - 19:36
Som vanleg har det vore ei innhaldsrik påske i Eksingedalen. Loppemarknad, bingo, Nilsalopp, skiturar, fotturar, rebusløyper og lokal påskemoro. For å nemna noko.
Folketalet har sannsynlegvis vore minst tredobla, og butikken på Lavik gjekk "nesten tom" for mat.

Eksingedølane er takksame for at så mange tilreisande støttar opp om aktivitetar i bygda; handlar lokalt på Nærbutikken vår, kjøper lopper og spelar bingo!

Tufteparken er klar til bruk i påska

Av Liv Anne søn 13.04.2025 - 22:02
Det var stor-dugnad sist veke for å få klar Tufteparken. 21 små og store lempa og grafsa fallsand utover, med iherdig arbeidslyst. Dei yngste prøvde ut ulike aktivitetar innimellom grafsearbeidet, før dei lempa på att! Å jamna ut 150 tonn fallsand til 40 cm djupn gjekk som ein draum, i solnedgangen.

No ventar alle på grusing av fotballbana, noko Vaksdal kommune har løyvd pengar til. Denne grusinga skjer ganske snart, seier kommunen. Etter det vert det ei offisiell opning av Tufteparken, men bruk den så mykje du vil i påska!

Loppemarknad er kjekt!

Av Liv Anne søn 13.04.2025 - 21:25
Laurdag, presis klokka 11, opna dørene inn til loppemarknaden i Ljosheim. Ei lita kø på ti personar stod klar til innrykk. Dei mest erfarne og handlelystne gjekk rett til verket, og fekk tak i godbitar med det same. Andre gjekk rett i kaffikroken.

Loppemarknad handlar om meir enn "lopper". Rikeleg med kaffi, gode kaker og triveleg prat er nesten like viktig.

Klårfjell og vakre tonar

Av Liv Anne tir 01.04.2025 - 21:28
Vakre, vare - og sterke tonar, framført av dei profesjonelle musikarane Berit Oppheim, Sigbjørn Apeland og Per Jørgensen, saman med folkesongarar frå Vaksdal og Voss.
Voss spelemannslag var vertskap, saman med Vaksdal kyrkjelege fellesråd.

For alle dei frammøtte i kyrkja på Flatekval vart det ei nydeleg oppleving søndag kveld.