Folkemøte 27. november

Av redaktør tor 25.11.2021 - 12:42
Ein liten smak av vinter rundt vassdraget no seint i november.

No laurdag 27. november kl. 12 vert det ope folkemøte på Eksingedalen Oppveksttun, på skulen altså. Her vil ein gå gjennom hovedpunkta i ynskje og krav som er aktuelle no når konsesjonsvilkåra for Eksingedalsvassdraget skal fornyast.
Det vil sjølvsagt bli høve til å stilla spørsmål og koma med framlegg og ynskje som ein kan debattera på møtet. Synspunkt som kan auka kvaliteten på uttalen til vilkårsrevisjonen, er det framleis god opning for.

 

Mobile Worker

Folkemøte på oppveksttunet

Av Magnar man 22.11.2021 - 21:36
Laurdag 27. november håpar Bygdarådet du tek turen til Bergo for å høyra om arbeidet som er gjort med å lage uttale til konsesjonsfornyinga for Eksingedalsvassdraget. Og så satsar me på at uttalen vert endå bedre etter å ha fått tankar og innspel frå forsamlinga.
Vaksdal kommune seier at me kan gjennomføre planlagde arrangement berre me tenkjer smittevern. Og det gjer me.
Uni

Framdrift i mobilsaka

Av Svein tir 25.02.2014 - 17:30
Både den administrative og den politiske leiinga i Vaksdal kommune stilte sterkt med rådmann, ass. rådman, ordfører og varaordfører då dei inviterte til informasjonsmøte saman med Pål-Helge Lukashaugen frå Telenor om stoda i mobilsaka.

Haugen Fjellgard

Av redaktør tir 21.01.2014 - 18:42
Garden ligg midt i Eksingedalen, 2 km frå hovudvegen. Garden vert driven av ekteparet Kåre-Magnar Trefall og Elisabeth Holth, som driv mjølkeproduksjon og med sau. Haugen Fjellgard er eit bra utgangspunkt for turar i Eksingedalen sommar som vinter, og for fisketurar langs Ekso.

Nesheim

Av redaktør tir 21.01.2014 - 18:31
Stort hus til leige på Nesheim.
Hus til leige på Nesheim, i øvre del av Eksingedalen. Huset (300m2) består av 2 stover, 6 soverom, 2 bad. Huset er bygd i 1959. Badet og vaskerom er bygd på i nyare tid. Nytt kjøkken.

Gullbrå Hytteutleige

Av Svein tir 21.01.2014 - 18:18
To hus tilleige på Gullbrå.
Kvitahuset: Nyoppussa hus tilleige.7/9 sengeplasser.Tv/parabol, oppvaskmaskin, vaskemaskin. Fullt utstyrt. Ta med sengetøy. Kan evt. leige dette for kr 150,-
(Sengetøy/handkler)

Steinhuset: Triveleg hus for utleige som inneheldt stove, kjøkken med alt utstyr, 3 soverom med 2 senger på kvart rom, her er dyner og puter med.
Dusj og toalett.