Sigrid Moldestad kjem til Eksingedalen!

Av Liv Anne søn 25.02.2024 - 23:00
Sundag 28.april kjem sjølvaste Sigrid Moldestad til Grendahuset Ljosheim!

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.

 

Mobile Worker

Uni

Fin dag med Vaksdal Turlag

Av Liv Anne søn 17.06.2018 - 21:23
Vaksdal Turlag skipar i oppstartsåret til fellestur i alle bygdene i kommunen. Søndag 17.juni var det Eksingedalen sin tur. 24 bilde turfolk møtte opp, frå Dale, Stanghelle, Vaksdal og Bergen - i tillegg til eksingedølar.

For ein del var dette den aller første fjellturen i Eksingedalen.

Trim og kultur i kvart steg

Av Magnar søn 17.06.2018 - 08:48
Almarunden og Brynhildastien er namnet. Runden, som startar i Kverhusbukta på Bergo, vart opna med tale, snorklipping og avduking av informasjonstavle laurdag 16. juni. Turgåarar kan studera informasjonstavler undervegs på turen, mellom anna historien som gjorde at denne stien fekk akkurat dette namnet.

Mange friluftstilbod i vente

Av Liv Anne fre 15.06.2018 - 21:42

I Eksingedalen er det mange gode tilbod for friluftsinteresserte dei kommande dagane:
Laurdag 16.juni kl 16: Opning av kulturstien "Almarunden" på Bergo
Søndag 17.juni kl 11: Til støls i Eksingedalen med Vaksdal Turlag
Onsdag 20.juni kl 19: Skuleelevar opnar Høgakleiva

Imponerande ryddeinnsats!

Av Liv Anne man 28.05.2018 - 21:12
Aksjonsleiar Laila ofrar alt for å redda Ekso og havet frå plast!

Mange er no godt i gang med ryddedugnad i Eksingedalen! For å visa at me aksjonerer, og motivera til endå meir innsats - deler me bilete med kvarandre frå ryddinga her på heimesida. Send inn bilete etter kvart!

Hugs: Kvart minutt går det 15 tonn plast i havet! Dette kan me vera med og hindra!
Dessutan vert det så mykje trivelegare i dalen når me slepp sjå på plast i naturen!

Eksklusiv start på tursesongen for Eksingedalen IL

Av Liv Anne ons 23.05.2018 - 22:14

Det var berre tre som møtte til den første turen til turgruppa i Eksingedalen IL denne sesongen. Oppover lia til Flatekvalstølen var alle einige i at dette var ein eksklusiv gjeng, ein heilt spesiell kveld. Varm stølsli, fin kveldsol og enorme mengder vatn å sjå og høyra i Skorsdalselva.
Oppe på stølen nådde turgjengen att deltakar nummer fire, som hadde gått i førevegen.

Neste veke er det god plass til fleire på tur!

Er du klar til onsdagsturar?

Av Liv Anne man 21.05.2018 - 21:25
Denne veka er Turgruppa i Eksingedalen IL i gang med onsdagsturane for våren:
23.mai: Flatekvalstølen
30.mai: Fetstølen
6.juni: Lavikstølen og Haugastølen
13.juni: Yksendalstølen
Alle turane startar kl 18
VELMØTT!

På grunn av kollisjon med anna arrangement i Eksingedalen vert den planlagte familiedagen i juni avlyst.