Sigrid Moldestad kjem til Eksingedalen!

Av Liv Anne søn 25.02.2024 - 23:00
Sundag 28.april kjem sjølvaste Sigrid Moldestad til Grendahuset Ljosheim!

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.

Årets eksingedøl 2024

Av Magnar fre 12.04.2024 - 10:10
Eksingedalen Bygdaråd ynskjer forslag til "årets eksingedøl 2024. Utnemninga vil føregå på 17.mai-festen på Bergo. Foreslå den personen som du meiner fortener ei slik utmerking. Tenk på personar som du tenkjer på som viktige bidragsytarar for at dalen skal fungere, i smått og stort.
Send forslag til magnanes@online.no

 

Mobile Worker

Førstehjelpskurs i Eksingedalen

Av Liv Anne tor 11.04.2024 - 14:39

Denne veka har 18 eksingedølar fått opplæring i førstehjelp og bruk av hjartestartar.

-Eg er imponert over kor organisert dette er i Eksingedalen, sa kurshaldar Lasse Fossedal. For responstid om uhellet skulle vera ute, er lang i Eksingedalen. Det tek tid før helsepersonell er på plass, og at ein kjem fort i gang med livreddande førstehjelp er heilt avgjerande.
Uni

4826 smalabeist skal heim i frå fjella i Eksingedalen

Av Liv Anne søn 25.09.2016 - 18:02
September er tid for sauasanking. Heile 4 826 smalabeist (sauar og lam) vart sleppte i Eksingedalsfjella i vår. I desse dagar er det slutt på sommarferien, og alle skal heim att. Med eit sankevèr utanom det vanlege, sol og sommarvarme - vert det mange fine turar. Eksingedalsfjella om hausten kan anbefalast! Så får ein håpa at dei aller fleste av dyra vender fint heimover når dei ulike sankelaga går "manngard" i fjella!

Sankehelg og ettersanking er no gjennomført, så om turgåarar ser sau i fjellet er det fint om dei melder frå til grunneigarar i Eksingedalen.

Marknad med mykje moro

Av Frøydis søn 21.08.2016 - 20:02
Det krev mykje planlegging før startskotet går for marknadshelga. Program skal lagast, aktørar hankast inn. Der må vere salsbuer og aktiviteter -noko som passar for alle. Så må dei handlande få høve til å kjøpe seg ein matbit eller to - og litt underhaldning høyrer også med. Når så alt dette er i boks, og til og med vèret spelar på lag - ja då er det duka for skikkeleg fest - Det vart Eksingedalsmarknad på sitt beste i år!

Set av helga 20.-21.august til EKSINGEDALSDAGAR!

Av Liv Anne ons 13.07.2016 - 18:19
Eksingedalen inviterer til FAGERDALSLØP og EKSINGEDALSMARKNAD ved Nærbutikken på Lavik laurdag 20.august. Søndagen er det STØLSTUR til Flatekvalstølen.
Dette er ein møteplass med god handel, god mat - og ikkje minst mykje god prat!
Pøylo serverer det salte, AnneMargrete sel rømmegraut, Nora serverer thai-mat
- og så vert det også ein "søt kafè".

Jonsokfeiring

Av Frøydis fre 24.06.2016 - 20:13
Fleire stader i dalen er det tradisjon for å samle folk til grilling, bålbrenning og ymse aktiviteter på jonsokaftan. I år fekk me fint ver og god temperatur, noko som gjorde det ekstra kjekt å nyte sommarkvelden. Her er nokre glimt frå feiringa.