25 år i Vaksdal kommune!

Av Liv Anne tir 10.03.2026 - 12:06
Dei to eksingedølane Mari Odland Trefall og Elisabeth Holth fekk sist veke gullklokke og blomar, som heider for å ha arbeidd 25 år i Vaksdal kommune.
Dette vart delt ut under jubileumsmiddag for fleire 25-årsjubilantar i kommunen sist veke.

Nytt Bygdekvinnelag!

Av Liv Anne ons 25.02.2026 - 16:00
24.februar vart det skipa eit heilt nytt lag i Eksingedalen. Initiativet til nytt lag kom til etter nedlegging av Kvinne- og familielaget i januar. No har damene valt å organisera seg som bygdekvinner, som del av Norges Bygdekvinnelag. Bygdekvinnelaget er ein landsdekkande organisasjon med 12 000 medlemmar, fordelte på 400 lokallag.

- Dette har me aldri vore med på før, så dette er historisk! Sa dei blide damene som kom frå Voss og Hardanger. Liv Kolskår frå Voss er styreleiar i Hordaland Bygdekvinnelag, og kom for å fortelja om lagsarbeid og orgsnisasjonen. Ho hadde med seg Liv Spilde frå Bjørgum og Siv Helle Prestegad frå Hardanger. Dei inspirerte og engasjerte eksingedalsdamene som møtte fram.

ROS-tallerken til Kari og Einar i Yksendalen

Av Liv Anne ons 25.02.2026 - 15:39

På eigarmøte i Nortura sist veke fekk Kari Brørvik og Einar Hovda Nilsen utdelt ROS-tallerken, ei påskjønning for gode ROS-resultat. ROS er ein måte å måla kvalitet på, og Kari og Einar fekk «Kvalitetslam-pris for 2025»
ROS-analysen er delt inn i kvalitetssirklar, der 25 % av sauebøndene kjem i den innerste sirkelen. Der er Kari og Einar dette året, mellom dei 100 beste i landet.
Uni

HIMMELSPRINGAREN

Av Liv Anne tir 20.08.2024 - 21:32
Det er berre å gle seg! For Adele Lærum Dus kjem attende til Ljosheim med barneteater. Denne gongen har ho med seg Monika Solheim, og publikum får møta det lilla lammet i Gullullafjøset. Teateret er ei figurteaterframsyning basert på Sissel Horndal si bok med same tittel.

Det skjer laurdag 31.august klokka 13 i Ljosheim.
Høver for barn frå 3 år og oppover i alle aldrar, framsyninga varer i om lag 45 minutt.

Billettar kan kjøpast i døra og kostar kr 80,- for enkeltbillett, og 200,- for familiebillett. Etter forestillinga vart det høve til å kjøpa lappar, kaffi og saft.

Kulturminnedagar med rikt program!

Av Liv Anne man 19.08.2024 - 20:48
Kulturminnedagane er ei årleg feiring som skjer over heile Europa, som ein del av European Heritage Days, og er ei feiring av den mangfaldige historia og kulturarven vår.

I år er kommunane Vaksdal, Voss og Aurland saman om tilskipinga "Kulturarvfestivalen i indre Vestland", festivalen finn stad frå 31.august til 22.september.
Tittelen er "Frå fjell til fjord i gamle spor" - og i Eksingedalen er det godt utval av kulturprogram desse vekene


Heile programmet er å finna her: https://www.vosskunstogkultur.no/kulturminnedagane

Ferie i Eksingedalen – årleg høgdepunkt for ministeren

Av redaktør man 22.07.2024 - 21:07
- Når du ein gong om lenge, lenge skal pensjonere deg fra politikken, Espen, så har vi her oppe i Eksingedalen feriejobb til deg.
- Åja?
- Då får du tilbod om å vera guide på fjellturar her, til stølane, til Nipene, og til kalde fjellvatn der de badar, med liv og lyst.
- Eg takkar JA.
 
Han treng ikkje å tenkja seg om eit sekund, utanriksminister Espen Barth Eide. Han er årviss feriegjest i Eksingedalen. Han, med kona og tre vaksne søner, eldstemann med sambuar, går på fjelltur kvar einaste dag når dei har felles ferieveke her.

Ope møte om historisk fjellturprosjekt

Av Liv Anne fre 24.05.2024 - 16:03
Arne Høyland, frå Eikangervåg i Osterfjorden, har teke initiativ til oppstarten av eit historisk fjellturprosjekt - det vil seia å rekonstruera Gulatingferdi frå Eksingedalen til Guløy/Flolid i Gulen i 2025.

Dette kan ein høyra meir om på ope møte i Grendahuset Ljosheim i Eksingedalen, tysdag 4.juni klokka 19. Her ynskjer ein alle med interesse for prosjektet velkomne!
Grendahuset Ljosheim syter for sal av kaffi og kaffimat.