Kurs i førstehjelp utsett ei veke
Kvinne- og familielaget og Eksingedalen IL inviterer til førstehjelpskurs. Kurset vil ha særleg fokus på hjarte- og lungeredning og opplæring i bruk av hjartestartarane.
Nye kursdatoar er torsdag 28. januar - og fredag 29.januar viss interessa er stor.
Nye kursdatoar er torsdag 28. januar - og fredag 29.januar viss interessa er stor.
Lagnaden ville det slik
- Eit joleintervju med den eldste i Eksingedalen
Bergit Gullbrå er no den eldste eksingedølen som er bufast i Eksingedalen. Ho har passert 91 år, og har budd på garden Ekse sidan 1952, i meir enn 68 år. Difor eit joleintervju med henne!
Bergit Gullbrå er no den eldste eksingedølen som er bufast i Eksingedalen. Ho har passert 91 år, og har budd på garden Ekse sidan 1952, i meir enn 68 år. Difor eit joleintervju med henne!
Bokbyte for Fjelltrimmen, ny sesong er i gang.
Bøkene for Fjelltrimmen 2019 vert henta inn i desse dagar, og nye bøker vert lagt ut.
Om nokon ynskjer namnet sitt i 2019-boka kan ein få det fram til 20.oktober. Ta i såfall kontakt med turgruppa.
Om nokon ynskjer namnet sitt i 2019-boka kan ein få det fram til 20.oktober. Ta i såfall kontakt med turgruppa.
Open kontordag - tilbod om hjelp til å søkje om regionalt miljøtilskot 2019
Vaksdal kommune held open kontordag på Eksingedalen skule torsdag 3. oktober, frå kl. 12:00 – kl. 17:00. Vèr merksam på at tidspunktet for oppstart er endra frå kl. 10:00 til kl. 12:00
Føremålet med kontordagen er å hjelpe føretak/gardbrukar med søknadsprosessen, spesielt i samband med teikning av tiltak i kart. Grunna endringar, er det ikkje mogeleg å overføre tiltak i kart frå i fjor, og alle tiltaka må difor teiknast på nytt. Dette kan kommunen hjelpe til med, om det trengs.
Avlyst turgruppetur....
Turen i dag, onsdag 11.september, er avlyst på grunn av regn, skodde og vind.
Gygrakjeften Opp - Kort, hardt og kjekt
Nytt motbakkeløp i Eksingedalen med mange kvaliteter. Folk såg ut til å kosa seg - i alle fall etter løpet var gjennomført.
Dette var også siste løp i motbakkecupen i Vaksdal og Modalen, som har vore arrangert i år.
Dette var også siste løp i motbakkecupen i Vaksdal og Modalen, som har vore arrangert i år.
Eksingedalen IL inviterer til Gygrakjeften Opp!
Mellom Bindingsbø og Bergo kan du sjå gygra øvst i Gygrakjeften. Laurdag 7.september er det klart for det heilt nye motbakkeløpet "Gygrakjeften Opp". Løpet startar ved skulen på Bergo, går først eit par hundre meter på veg før det ber oppover den bratte stien til Mjelkeplassen. Målgang er på Mjelkeplassen, og ein fin avstikkar etterpå er nettopp Gygrakjeften. Her er det luftig og god utsikt.
Dette er det fjerde og siste løpet i Motbakkecupen i kommunen dette året.
Førstegongsveljar i Eksingdalen
Mona Gullbrå tok turen frå Voss for å førehandsstemma heime i Eksingdalen torsdag. Saman med henne var det 40 andre eksingedølar nytta høvet til å stemma lokalt ved førehandsvalet.
Fiber i vegg, like viktig som straum og vatn!
"Fiber i vegg er like viktig som straum og vatn!" KRF sin ordførarkandidat Bjart Magnus Rossvold hausta spontan applaus med dette svaret. Spørsmålet var om nokon ville både ta tak i og prioritera å få fiber fram til alle hus. Det viste seg å vera tverrpolitisk semje om nettopp dette, og det gledde dei frammøtte stort.
Andre viktige saker for eksingedølane var betre og meir brukarvenleg eldreomsorg, god kommunikasjon i vid forstand - og ei større prioritering av landbruk og bygdenæring.
Etter svara frå politikarane denne kvelden er det grunn til optimisme: Mange lova ta tak i desse oppgåvene.

Førehandsrøysting i Eksingedalen
Stad: Eksingedalen skule
Kl 13 - 16.30: Førehandsrøysting til kommuneval og fylkestingsval
Kl 13 - 17.30: Førehandsrøysting til soknerådsval
Ungdomsskulen har open kafè kl 13 -17.30
Sal av betasuppe, kake, vafler, kaffi og saft.

Til fjells i Eksingedalen med Vaksdal Turlag
Frå regn i lufta og skodde på toppen laurdag til sommarvarme i fjellet søndag. Høgaste toppen i Vaksdal, Skjerjavasshovden, ville ikkje syna fram usikta denne gongen, trass i at det var reine folkevandringa!
Søndag var det tur langs Øvrafjellet, frå Vinningsleitet til Ekse.
Søndag var det tur langs Øvrafjellet, frå Vinningsleitet til Ekse.
Bli med på turhelg i Eksingedalen!
Til helga har du sjansen til å vera med på to fine fellesturar med Vaksdal Turlag i Eksingedalen! Har du enno ikkje vore på Vaksdals høgaste topp? Laurdag 24.august går turen til Skjerjavasshovden, høgaste toppen i Vaksdal, 1264 moh.
Oppmøtestad er Trefall i Eksingedalen kl 11.00, ved Trefallbrua rett ovanfor Trefall. Herifrå køyrer ein anleggsvegen inn til Beinhelleren.Turen startar i sørenden av Beinhellervatnet på 700 moh. Turen tek omlag 4-5 timar tur/retur. Totalt er det ca 10 km og ein samla stigning på nesten 1000 høgdemeter.
Søndag den 25. er det tur langs Øvrafjellet, den gamle ferdslevegen mellom Gullbrå og Ekse til Brekkhus. Oppmøte ved Vinningsleitet på Fv. 313, ved kommunegrensa mellom Vaksdal og Voss. Turen startar bratt opp til Krossaleitet, derifrå er det innover i lettare terreng mot Eksestølen og ned til Ekse. Skyss vert organisert attende til parkerte bilar. Ein rekar 5 -6 timar på denne turen.
Eventuelle endringar i tilfelle dårleg vèr vert å finna på www.eksingedalen.no
Sjå også https://vt.dnt.no/ for meir informasjon