Endeleg M A R K N A D!
23. august 2025. Då vert det Eksingedalsmarknad på Lavik. Det er berre å merka av datoen i kalendaren - og gle seg!
Novemberbasar!
Basar ein fredag i november er kjekt! Ute var det mørkt og kaldt, og inne i Ljosheim lunt og varmt. Ekstra stas vart det med ein fin bukett born som song Astrid Lindgren-songar.
Open dag: Å høyra til!
Fredag inviterte barnehagen og skulen i Eksingedalen familie og heile bygda til føremiddagsmat på oppveksttunet. Med på kjøpet fekk gjestane triveleg prat med naboar og kjente dei ikkje hadde sett på ei stund, underhaldning og informative plakatar på veggane. Invitasjonen var i høve "Verdsdagen for psykisk helse" der temet i år er "Å høyra til".
Familiane og bygdefolket er viktige for oppveksttunet - og denne dagen ville oppveksttunet vera ein samlande stad for alle. Her skulle alle kjenna at dei høyrer til saman med mange.
Familiane og bygdefolket er viktige for oppveksttunet - og denne dagen ville oppveksttunet vera ein samlande stad for alle. Her skulle alle kjenna at dei høyrer til saman med mange.
Pengedryss til Grendahuset Ljosheim frå fylkeskommunen
Hovudutvalet for kultur, idrett og inkludering fordelte torsdag denne veka spelemidlar til kulturbygg over heile Vestland fylke. Pengepotten var på 9,5 millionar kroner, og 570 000 av desse gjekk til oppgradering og bevaring av Grendahuset Ljosheim.
Valmøte med fullsett gymsal
7 av 9 parti som stiller liste i Vaksdal, kom til Bergo på valmøte
Kantklipping i Eksingedalen
Vegen gjennom Eksingedalen er smal og svingete. No i august er den blitt visuelt endå smalare på grunn av at kantvegetasjonen mange stader legg seg inn over vegbana. Behovet for kantklipping er stort. Plantar og busker tek borti sidene på bilane når ein køyrer. Det er ikkje råd å sjå veg-grøftene lenger der det er mykje kantvegetasjon.
Eksingedalen Bygdaråd har sendt spørsmål til Presis Vegdrift om når kantklipping blir gjort i dalen. Svaret er slik: Kantslått skal i følgje vår kontrakt med VLFK foregå mellom 20. mai og 30. juni på første klipp. 2. klipp skal foregå frå 1. august og fram til 15. september.
I år under 1. klipp var det ein tørkeperiode og skogbrannfaren vart så stor at vi måtte avbryte klipping. 2. kantklipp startet den 1. august og vil gå iht oppsatt plan.

Reisebrev frå ei pilgrimsvandring
I Eksingedalen er det mange som har observert "Tante Sigrid", Sigrid Tyssen, vandrande langs veg eller sti. For Sigrid er stadig ute å går, og no som pensjonist er "jobben å gå", seier ho. I tillegg til å gå i Eksingedalen og i byfjella i Bergen, er Sigrid ein ivrig pilgrimsvandrar om sommaren.
Sommarprat med Maria og Kjellrun
Begge er journalistar. Begge brenn for folk og historiene deira. Begge har Lavik til etternamn. Eksingedalen.no har teke ein prat med dei aktuelle damene.
Butikktomta er klar til nybygg!
Den brannherja butikken er no vekke og tomta er jamna og grusa, slik den skal vera etter ei opprydding.
Butikkeigar Hege Lavik ventar i spenning om ho kan setja i gang bygging på same tomta. Ho vel å vera optimist.
Idrettslagsaktivitet.
Gjengen smilte bredt etter å ha fullført dei to første øvingane på idrettsmerkeprøven tidlegare i sommar. Halvannan time seinare hadde samtlege gjennomført alle øvingane, og klart merkekrava.
Magnar held, dersom du ser godt etter, miniatyrstatuetten som bevis på å ha klart krava til idrettsmerket i 25 år.
Magnar held, dersom du ser godt etter, miniatyrstatuetten som bevis på å ha klart krava til idrettsmerket i 25 år.
Sommarfest på oppeksttunet
Skuleåret vart feira med sommarfest for heile bygda, og 10.klassingen Robert Brønstad fekk mange gode ord med seg vidare i livet!