Mobile Worker

Uni

Fornya rasteplassar i Eksingedalen

Av Liv Anne ons 14.06.2023 - 13:56

Øvre Eksingedalen grunneigarlag har sytt for fornying av rasteplassane i øvre Eksingedalen. Det var grunneigarlaget som først fekk på plass fire fine rasteplassar med bord og benkar for over ti år sidan. No trengte desse møblane fornying, og i mai køyrde Inger og Trygve Nilsen rundt og leverte monteringsklare bord.

Dette er triveleg for både fastbuande og turistar i Eksingedalen.

Utfor Bergofossen

Av Liv Anne søn 28.05.2023 - 12:21
Dei første padlarane er observerte for sesongen, og det var ekstra kjekt å møta ein ung padlar frå eigen kommune.
Ruben J. Davidsen frå Dale hadde med seg ein tysk ven på padling i Eksingedalen laurdag i pinsehelga.

Det skal bli bra, til slutt!

Av Liv Anne lør 15.04.2023 - 20:50
For tre veker sidan opplevde Hege og familien noko av det verste som kan skje ein familie. Dei mista alt dei eigde i brann, både heimen og arbeidsplassen sin då butikken på Lavik vart råka av brann. Det byrja i sikringsskåpet, og heldigvis var mannen Kawe snartenkt og fekk redda ungane og seg sjølv ut av husværet dei budde i.

Folksom påske i Eksingedalen

Av Liv Anne man 10.04.2023 - 19:29
Påskeferien er truleg tida med høgast folketal i Eksingedalen. I hus og hytter som elles står tomme, er det lys og folksomt, og kvar dag er det stor trafikk langs vegen. Tradisjonen er lang, i mange tiår har folk teke seg ut og opp til fjells på påskeferie. Eksingedalen har sidan femti-talet vore populær påskeutfartsstad.

Påska 2023 går inn i hisoria som ei påske med mykje sol. Meir sol enn vèrmeldarane spådde, og det er det ingen som klagar på.

Slå ring om butikkfolka våre!

Av Liv Anne tor 23.03.2023 - 09:58
Onssdag kveld var dramatisk for den vesle familien på butikken på Lavik. Heldigvis kom ingen personar til skade.
Brannen som herja rører ved alle i Eksingedalen. Butikken er hjarta i Eksingedalen, og Hege og Kawe har i fleire år gjort enormt mykje for å få butikken til å bli det den har vore.

I går mista familien alt dei eigde, og dei mista i tillegg arbeidsplassen sin.
Bygda er utan butikk, ein nærbutikk av det aller beste slaget!

Vinterleg mars-skirenn

Av Magnar søn 12.03.2023 - 13:25
Ein fin, men kjølig dag. Mange med startnummer på. Medalje å hente ved fullført renn. Blide fjes. Snøvær og litt vind då dei vaksne starta. Rømmen fraus i begeret for dei som stod i kiosken. Skøyting gav bedre glid enn klassisk. Skigruppa takkar for innsatsen.
Resultatlista finn du ved å klikke på "sjå meir"