Nilsaloppet 2024

Av Liv Anne tor 28.03.2024 - 13:59
Den lokale tre-mila, med namn "Nilsaloppet" gjekk av stabelen i føremiddag. Kor langt av tre-mila deltakarane skulle gå, var heilt valfritt.
Heile 19 stilte til start, og omlag halvparten gjennomførte tre mil.

Alle glade og lukkelege, såg det ut til, uansett kor langt dei gjekk!

 

Mobile Worker

Uni

Fantefolk og fullt hus i Ljosheim

Av redaktør søn 17.03.2024 - 08:55
Han Kolbein Hausa lyg så det renn or han!

Og i Ljosheim denne fredagskvelden klappar folk hjarteleg – dess verre det vert.

Ja, sjølv dei av oss som held fast ved det åttande bodet om at ein ikkje skal lyge, dei koste seg verkeleg. Og historia om dei to karane frå Eksingedalen, som smelta snjo på heite omnen og selde det som salt, fekk fram den beste applausen frå eit lydhøyrd publikum – sjølv om soga seier at dei vart halshogde på Vossevangen for ugjerninga.

For her var det ikkje snakk om ekte løgn, men skrønene i Vossastubbar. Med Per Sivle sin signatur. Og skrytepaven Kolbein Hausa, han er hovudperson og forteljar i dei fleste Vossastubbane.

Teselskap med stil – i Ljosheim

Av redaktør tir 12.03.2024 - 16:11
25 flotte damer hadde meldt seg på, og entra storsalen i Ljosheim med stil. Ikkje ein einaste pose med strikketøy var å sjå. For no var det stilfull fest som hadde fokus.
Inne i storsalen var borda dekka med klassisk engelsk dekketøy. Rause tekoppar og asjettar og fat med 200 år gamalt klassisk engelsk mønster. Her var det både Ljosheim sine eigne eigedelar, og staseleg servise frå ivrige samlarar i dalen.

Sølvtøy til alt.

Skirenn i sol og gnistrande føre!

Av Liv Anne søn 10.03.2024 - 22:05
Skirenn, andre sundag på rad i løypa på Nesheim. Det var nydeleg sol og gnistrande føre. Å gå skirenn er kjekt, særleg når alle får premie. For dei alle yngste var det fint med ei bestemor, ein bestefar eller ei foreldrehand på sida. Og di eldre ein er, di meir alvor vert det - og di meir tek ein seg ut!

Resultatliste ligg nederst i saka, som vedlagt fil.

Kurs i livreddande førstehjelp med bruk av hjartestartar

Av Liv Anne ons 06.03.2024 - 12:36
I 2021 vart det plassert ut fem hjartestartarar i Eksingedalen: på Gullbrå, Bergo, Yksendalen, Ljosheim og Høvik. I juni same år vart det halde kurs i livreddande førstehjelp og korleis ein skal bruke hjartestartar. Det er viktig å kjenna seg trygg på korleis hjartestartaren skal brukast. Difor vert det på nytt skipa til kurs, både for oppfrisking og for dei som ikkje har gått på kurs før.

Det vert to kurs onsdag 10. april, kursa vert halde i Ljosheim
Kurs 1: 11:30-14:30
Kurs 2: 15:30-18:30

Skirenn to søndagar på rad

Av Magnar ons 28.02.2024 - 13:14
Søndag 3. mars er det Vaksdalsmeisterskap, og søndagen etterpå er det lagsmeisterskap. Begge renna er opne for alle som vil gå renn, sjølv om ein ikkje bur i Vaksdal kommue eller er medlem i Eksingedalen IL. Premie blir det til alle som melder seg på, fortel arrangøren Eksingedalen IL. Skigruppa ynskjer også heiagjengar hjarteleg velkomne.
Invitasjon er lagt som vedlegg til denne saka.

Sigrid Moldestad - "Med hjarte og kjærleik frå Breim"

Av Liv Anne søn 25.02.2024 - 23:00
Sundag 28.april kjem sjølvaste Sigrid Moldestad til Grendahuset Ljosheim!

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.