Staseleg bruopning på Flatekval

Av Liv Anne man 30.10.2017 - 22:31
Brubyggjarane, Rune, Jomar og Jon, vart heidra som "kongar"!
Ekte bruopning med talar, snorklipping og servering av sprudlevatn og bridgeblanding.
Så vart brua prøvd, av ei fin rekkje av folk oppover til Flatekvalstølen.

Den øvste brua, rett før stølen, er også vølt opp og sett i god stand att. På stølsvollen var det servering av pølser, kaffi, kake og meir bridgeblanding. Ei triveleg stund på ein elles kald haustdag med lette snøflak i lufta, men også små, gode solglytt innimellom.

Sigrid Tyssen fortalde om stølane og stølsdrifta i gamle dagar, kvar den gamle stølen låg og om Vadet der dei kryssa stølselva litt høgare oppe enn der brua er i dag.