Condoren er komme til Eksingedalen!

Av Liv Anne tir 06.06.2017 - 19:39
Detalj av utstillinga. Foto: Kåre Trefall

- No er utstillinga klar til å starta eit nytt liv i Eksingedalen på permanent basis. Når og kvar utstillinga vil dukka opp, det vil visa seg, seier Kåre. Draumen er å skaffa pengar til eit bygg der utstillinga kan monterast opp.

Utstilinga er forma som ein flyveng, der all informasjon er samla. Foto: Gunnar Furre, Herdla

Soga starta 3.joledag 1942 på Kvitanosi. Eit tysk firemotorsfly, av typen Condor, flaug seg vill etter eit rekognoseringstokt over Nordsjøen. Det skulle landa på Værnes men vart på grunn av uvêr omdirigert til Sola. Flyet flaug rett og slett 50 m for lågt i snøstormen og small i fjellet Kvitnosi. Fire omkom, to overlevde og tok seg ned til Eksingedalen. 

Kåre Trefall opnar utstillinga i Turbinen i 2015 Foto: Sveinung Klyve

Kåre Trefall vaks opp med far og bestefar som hadde mykje å fortelja om flystyrten. For han vart flyvraket på Kvitanosi ei stor interesse og etterkvart ein lidenskap. Han laga han seg ei web-side, og gjennom denne sida fann tyske etterkommarar av både overlevande og døde etter flystyrten fram til Kåre og Eksingedalen. Likeeins tok tysk museum kontakt med han, og det vart frå Tyskland si side interesse om å få tak i delar frå flyvraket. Det dukka opp ny kunnskap som forklarte kvifor flyet styrta.

I september 2013 opna utstillinga ”Condoren på Kvitanosi” i Voss kulturhus. Seinare same hausten vart utstillinga flytta til Voss folkemuseum, der den stod til april 2014.  Vidare tok utstillinga vegen til Norsk luftsfartsmuseum i Bodø for sommaren 2014. Deretter til Nordsjøfartsmuseet i Telavåg, Turbinen på Dale og Flyhistorisk museum på Sola i 2015. Sommaren 2016 stod den utstilt på Herdla Museum. Deretter vart utstillinga pakka bort – og no er den altså komme til Eksingedalen takka vera Kåre sin innsats! 

Jon og Kåre på transportoppdrag frå Herdla. Utstillinga skal heim! Foto:Kåre Trefall
På lager! Så får ein håpa lageret ikkjevert så langvarig. Foto:Jon Trefall