Rulleskikameratane går nye vegar

Av Liv Anne fre 28.07.2017 - 20:05
Rulleskikameratane, frå venstre: Gaute Øvstedal, Rolf Sælen, Håkon Øvstedal og Magnar Nese

Den årlege rulleskituren frå Eidsladet til Gullbrå kan dei rett og slett ikkje gjennomføra i år, på grunn av det dårelege vegdekket. Så årets rulleskitur starta på Evanger og vart avslutta med målgang på kommunegrensa mellom Voss og Vaksdal. Løypa over fjellet er fin - så gjengen kan absolutt anbefala denne for fleire. Blide er dei, med blå uniform for dagen!