2016 var eit aktivt turår i Eksingedalen

Av Liv Anne man 06.02.2017 - 21:40
Nonhaugen prydar kruset 2016-sesongen

På idrettslaget sitt årsmøte var det premiering, og 27 ivrige trimmarar hadde nådd målet om alle 15 postane og med det greidd kruset! Kruset er det sjuande i serien, og 11 turgåarar har alle krusa til no.

I tillegg vart dei ivrigaste premierte med gåvekort i sportsbutikk på Voss: 6-12år: Elias Bergo, 51 poeng og alle postane 13-16 år: Vegard Gullbrå Tollefsen, 78 poeng og alle postane Vaksne: Haldis Øvstedal, 177 poeng og alle postane

Småtrolldiplom (for alle under skulealder) vart delt ut til syskentrioen på Nesheim, Heidi, Signe og Kasper.

Turgruppa gjennomførte i 2016  tre skiturar, ni fjellturar til fots og den årlege sykkelturen frå Gullbrå til Eidslandet.

Nytt program er sett opp for den kommande sesongen: Søndag 5.februar: KOM DEG UT DAG Søndag 19.mars: Skitur til Blånipa eller Blåvasshorgi Langfredag, 14.april: Skitur til Kvitanosi  

Første onsdagstur vert 24.mai, og sykkelturen vert 11.juni. Alle datoar vert å finna i kalenderen på heimesida. Følg med for endringar!