Kom deg ut-dagen!

Av Liv Anne søn 05.02.2017 - 18:18
Bålkos og god stemning!

Omlag 25 møtte opp og tok del i bålkos, leik eller trim. I tillegg suste spreke menn stadig forbi i langrennsløypa på Nesheim skistadion, med tydeleg mål om å bli endå raskare! Sol, varmegrader og godt humør  - ein fin dag å komma seg ut! 

Mellom deltakarane var ein heil førsteklasse frå siste delen av 80-talet, og sidan storskulelæraren også var til stades måtte klassebilete takast!

"Gamle-klassen" og læraren: Lars Bjarte, Aud Marit, Lars Ørjan og lærar Solfrid.