Hoppa i det

Av Frøydis ons 31.01.2018 - 21:20
Idar i høgt svev over dei skuelystne. Foto: F Gullbrå

Ein tenkt samtale på skulebussen heim på måndag:

Vegard: nokon plan for ettermiddagen då?

Idar: Nja. Me får byggja eit hopp, kanskje?

Vegard: ok, eg er med.

Idar: kl 3 startar me

Vegard: Naa. MIddag hjå mormor tek litt lengre tid. Kan me sei halv fire? 

Det som er sikkert, er at Idar var klar med spade i bakken klokka halv fire. Vegard kom litt etterpå, når hoppkanten nærast var klar, og det sto att kun litt finpuss og trakking av over-renn. Unnarennet kunne vere mjukt - så der vart ikkje gjort noko. Så var det klart for prøvehopp. Idar fekk sjansen - tok god sats - og kom seg dei 4-5 metrane som var heilt nødvendig. Med eit par hakk høgare opp for startpunkt gjekk det betre, og derifrå susa dei gong etter gong - i imponerande høge og lange hopp. Å trakka seg oppatt til start med tunge slalomski såg ikkje ut til å hindra nokon.  

Mykje moro å finna på i god snø!

Dobbelhopp i solnedgong
Vegard i svevet Foto: F Gullbrå