Utetid, innetid og årsmøtelaurdag

Av Liv Anne søn 04.02.2018 - 20:00
Stor konsentrasjon - og det går så bra! Foto: Anna S Bergo
Kaldt! Men kjekt!

Ein strålande dag, med sola som stadig nærmar seg. Framleis nokre få dagar til den når dalbotnen og garden på Bergo. Men, 20 minus er kaldt, så då var det godt å komma seg inn i gymsalen på skulen og eta varma pølser og mykje god bakst. 

Skigruppa delte ut distansemerke på ski, friidrettskontakten delte ut statuettar og pokal for dei med lang fartstid ti idrettsmerketaking.
May Britt og Frøydis fekk 15-årsstatuett, Magnar er stolt med 20-årspokal. Foto Liv A Bergo

Turgruppa delte ut 29 turkrus til dei som hadde greidd alle dei15 postane i Fjelltrimmen.I tillegg var det premiering av fem ivrige turgåarar. I det heile eit svært aktivt turår for idrettslaget!

Fire fornøgde krusvinnarar: Elias, Odin, Helene og Svein

Årsmøtet vart gjennomført på godt "årsmøte-vis". Årsmeldinga viser også i år stor og variert aktivitet, særleg til å vera i ei lita bygd. Folket stiller godt opp om ulike typar arrangement, anten det er på ski, til fots eller på sykkel. At fotballbane endeleg har fått si opprusting, vart trekt fram. Noko ungdommar som er heime om sommaren set stor pris på. Ein fin samlingsplass!

Anna, klar for ny innsats

Anna Sveinungsdotter Bergo tok attval som leiar. med seg i styret har ho Anita Gullbrå, Aud Marit Brønstad Bergo, Magnar Nese og Sveinung Tyssen Bergo. Elisabeth Holth heldt fram som ansvarleg for idrettsmerketakinga. I skigruppa heldt Magnar Nese, Ivar Bergo og Olav Gullbrå fram. Same folket som før fortset i turgruppa også: Aud Marit B Bergo, Solfrid U Nese og Liv Anne Bergo.