Lite ny asfalt i år

Av Frøydis fre 28.04.2017 - 19:09
Flikking av hole i asfalt - ser ut for å bli meir slikt.

Frå Statens Vegvesen får me i dag følgjande informasjon om planar for veg-vedlikehald i Eksingedalen i år:

-Etter utskifting av stikkrenner i området Bindingsbø-Nese, skal det leggjast på midlertidig dekke med asfalt ( sannsynlegvis det dei no har lagt på). Over sommaren skal der kome nytt berelag med penetrert pukk på strekninga der stikkrennene er skifta ut ( ca 8 km).

-Der asfalt elles i dalen er dårleg, vil der kun bli utført flikking. Der er ikkje løyvd noko pengar til asfalt på fylkesvegar i heile Vossa-regionen i år. Vegvesenet er klar over at her er fleire område med veldig dårleg dekke i Eksingedalen.

-Trefallstranda: dei vil starte oppatt med arbeid her rundt midten av mai, og vere ferdig til sommar-ferien. På denne strekninga skal der asfalterast.