Nilsaloppet 2024

Av Liv Anne tor 28.03.2024 - 13:59
Den lokale tre-mila, med namn "Nilsaloppet" gjekk av stabelen i føremiddag. Kor langt av tre-mila deltakarane skulle gå, var heilt valfritt.
Heile 19 stilte til start, og omlag halvparten gjennomførte tre mil.

Alle glade og lukkelege, såg det ut til, uansett kor langt dei gjekk!

 

Mobile Worker

Uni

Eit hjarte for oppveksttunet i Eksingedalen

Av Liv Anne tir 10.05.2022 - 09:40
Elevar og lærarar ved oppveksttunet er opptekne av mange ting. Når naturen i kring vaknar til liv att etter vinteren, vert planter, blomar og bier viktig del av skulefaga. Her jobbar dei saman, i ulike aldrar. Siste veke laga dei eit hjartebed. "Dette hjartet skal symbolisera samhald, mangfald og fellesskap i Eksingedalen", skriv elevane.

No ynskjer dei seg stauder til å fylla i hjartet.

Gamle åkle og mykje historie

Av Liv Anne man 25.04.2022 - 22:36
Nordhordland Husflidslag og Osterøy museum arbeider saman med fire vevarar og åkle-ekspertar for å laga ei bok om åkle i regionen. Ein ettermiddag sist veke var oppveksttunet i Eksingedalen registreningsstad for gamle åkle. Denne dagen vart åkle frå Eksingedalen registrerte og fotograferte, kvart teppe med si historie

Årsmelding Bygdarådet

Av Magnar ons 13.04.2022 - 11:15
Forslag til årsmelding frå Eksingedalen Bygdaråd er no tilgjengeleg under denne saka. Årsmeldinga er lagt ut som klikkbart vedlegg. Uttalen vedrørande konsesjonsfornyinga for Evangerutbygginga er også lagt ved her. Dette på grunn av at dette er den saka som det er brukt mest tid på i meldingsåret.
Innkalling og sakliste finn du også her.