Sigrid Moldestad kjem til Eksingedalen!

Av Liv Anne søn 25.02.2024 - 23:00
Sundag 28.april kjem sjølvaste Sigrid Moldestad til Grendahuset Ljosheim!

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.

 

Mobile Worker

Årets eksingedøl 2024

Av Magnar fre 12.04.2024 - 10:10
Eksingedalen Bygdaråd ynskjer forslag til "årets eksingedøl 2024. Utnemninga vil føregå på 17.mai-festen på Bergo. Foreslå den personen som du meiner fortener ei slik utmerking. Tenk på personar som du tenkjer på som viktige bidragsytarar for at dalen skal fungere, i smått og stort.
Send forslag til magnanes@online.no
Uni

Fredag er det BASAR!

Av Liv Anne tor 17.03.2022 - 12:32

Fredag 18.mars er det endeleg basar att! Kvinne- og familielaget inviterer til basar i Ljosheim kl 19.30.

Laget har bestemt at overskotet frå åresalet gå til hjelp for folk frå Ukraina.

Mange ville læra å slakta

Av Liv Anne man 14.03.2022 - 19:56

Det var stor interesse og godt engasjement då Eksingedalen/Vaksdal bondelag skipa til kurs i avliving, slakting og partering laurdag som var. Lokala til Eviny på Eidslandet vart midlertidig gjort om til "kjøthall" - der 7 dyr vart slakta og 5 dyr delte opp.