Sigrid Moldestad kjem til Eksingedalen!

Av Liv Anne søn 25.02.2024 - 23:00
Sundag 28.april kjem sjølvaste Sigrid Moldestad til Grendahuset Ljosheim!

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.

 

Mobile Worker

Uni

Rydd Eksingedalen!

Av Liv Anne ons 31.05.2023 - 10:24
Frode Trefall, med hytte på Trefall, oppmodar om å bli med på ryddedugad i Eksingedalen!
Han brukte helga til å rydda får Bråtaleitet til Brakestad, og håpar fleire vil vera med å rydda!

- Dette er tida å gjera det, før graset vert for høgt, seier Frode.

Utfor Bergofossen

Av Liv Anne søn 28.05.2023 - 12:21
Dei første padlarane er observerte for sesongen, og det var ekstra kjekt å møta ein ung padlar frå eigen kommune.
Ruben J. Davidsen frå Dale hadde med seg ein tysk ven på padling i Eksingedalen laurdag i pinsehelga.

Onsdagsturane er i gang

Av Liv Anne ons 24.05.2023 - 21:28
I dag, onsdag 24.mai, vart den fyrste onsdagsturen for sesongen gjennomført. Som vanleg startar Turgruppa med turar nedst i Eksingedalen, med tur til Fetstølen. Fire turar til er planlagt i vår, og i august og september vert det fem turar til.

Årets eksingedøl 2023

Av Magnar tir 25.04.2023 - 14:52
Årets eksingedøl 2023
Til no har 4 dølar fått tildelt diplomet til «Årets eksingedøl. Det er Bygdarådet som deler ut prisen. «Årets eksingedøl» vert kåra for å synleggjere positivt engasjement og arbeid for Eksingedalen eller folk i dalen.
Den som blir kåra til "Årets eksingedøl" er ein person som har gjort ein god innsats for dalen siste året. Det kan vere for engasjement som også har foregått over fleire år. Prisvinnar blir annonsert på 17.mai, og utmerking blir då utdelt.
Styret i bygdarådet tek endeleg avgjerd på kven som får prisen, og for å klare dette treng me innspel frå bygdefolket. Kven meiner du fortener ein slik tittel i år? Me oppmodar om å tenkja vidt - det er mange som kunne fortene ein pris for positiv innsats. Kven er din kandidat?

Send ditt framlegg med grunngjeving på mail til magnanes@online.no eller i posten: Magnar Nese, Eksingedalsvegen 2782, 5728 Eidslandet, innan 10 mai.

Sokneråd manglar listekandidatar til valet hausten 2023

Av Magnar tir 18.04.2023 - 10:41
Bilete: altarparti Eksingedalen kyrkje.

eksingedalen.no har fått ei melding frå dei som arbeider med førebuing til soknerådsvalet 2023 i Eksingedalen sokn. Meldinga ser slik ut:
«Eksingedalen Sokneråd søkjer etter personar som kan sitta i soknerådet frå hausten 2023. Manglar fortsett eitt rådsmedlem og to varamedlemer.
Håpar nokon har anledning til å være med.

Send melding eller ring Jarand Brørvik på 99363951».

Det skal bli bra, til slutt!

Av Liv Anne lør 15.04.2023 - 20:50
For tre veker sidan opplevde Hege og familien noko av det verste som kan skje ein familie. Dei mista alt dei eigde i brann, både heimen og arbeidsplassen sin då butikken på Lavik vart råka av brann. Det byrja i sikringsskåpet, og heldigvis var mannen Kawe snartenkt og fekk redda ungane og seg sjølv ut av husværet dei budde i.