Fest for feiande flott 125 åring

Av Frøydis søn 20.11.2022 - 23:16

Det er eit av dei eldste ungdomshusa i landet me kunne feira lørdagen. Først fekk me litt tilbakeblikk på historia – både til vårt ungdomshus, og til ungdomsrørsla  - om kva den kunne innehalde og gi av opplevingar. Det var informative og morosame innlegg både frå leiar i festkomiteen Anna Bergo og festtalar Jørn Øyrehagen Sunde. Det var ikkje før nevnt ymse skodespel, så dukka jammen sketsj-makarane opp. Maya Mykkeltvedt og Magnar Helland fortalte mellom anna  humoristisk om den moderne, lettvinte «opp av sekken» bunaden – heilt strykefri og med borrelås for tilpassing. Passande for notidas unge – men neppe særleg populær hjå bunadspolitiet. Til og med fargekodar nederst kunne damene få – for å markere kvar dei måtte vere i livet -lysegrøn for ledig, lilla for gjenbruk og regnboge for fri, og den tradisjonelle mørke for gifte. Noko for ein kvar :-)

Tipp topp moderne bunad

Då latteren hadde stilna, kunne folket få nyta festmenyen – med rømmegraut, spekemat og panna cotta til dessert. Nydeleg!

Fleire tok ordet og gratulerte jubilanten, mellom anna ordføraren vår, Hege Eide Vik.

Pynta bord og folk klare for mat

Så var det klart for å reise seg, prate litt, inspisere det fine, restaurerte huset – eller kjøpe seg noko med heimatt. Til dømes ei garnpakke med nydesigna oppskrifter med motiv frå sceneteppet i huset, eller den nyleg utgjevne boka "Drivkraft", med mykje historie og bilete frå dalen.

Ingen bygdefest utan musikk – ei heller denne gongen. Vossa Rebels entra scena og spelte rockabilly til langt på natt – og festlyden svinga seg - og pusta litt -og tok ein ny sving.  

Vossa Rebels i gong

Husastyret med dugnadsgjeng har verkeleg gjort ein stor innsats dei siste åra for å få huset restaurert og fint og klar for nye 125 år. Dei same folka har site i festkomite og planlagt kvelden, og flere av dei har også vore sterkt involvert i bokprosjekt og nye strikkedesign. Imonerande!

Det var kjekt å få markere ein så sprek 125-åring, møte gamle kjente, nye kjente og slå av ein prat -eller ein svingom. Ein fin kveld !

Eit husastyre med arbeidslyst og pågongsmot