Drøymedag til Kvitanosi

Av Liv Anne søn 01.04.2018 - 11:07
Folk i lange rekkjer - så langt ein kan sjå og lengre enn det!

Ulike ruter vart teke siste halvdelen av turen. Mange går no på høgre sida av Kyrafjellet, meir i ly for vind og med lettare føre. Framsida vart meldt om å vera ganske så hard å gå på. 

Oppover og oppover....langt der oppe er toppen!

På toppen stilna vinden utover dagen. Så dei som kom dit etter klokka 15 fekk nok ei meir behageleg stund til å nyta utsikta enn dei som kom tidleg opp. 

Nedskriinga frå Kyrafjellet til Sødalen og vidare til Gullbrå var av sitt aller beste!