Mobile Worker

Konsert med "SOLKVERV"

Av Magnar man 10.12.2018 - 09:49
"SOLKVERV" held julekonsert i Nesheim kyrkje fredag 14. desember. Om innhaldet seier musikarane at det vert noko norsk tradisjonell julemusikk, folketonar , både norske og svenske. Av tekstar vil me kjenna att Alf Prøysen, Jakob Sande og Per Sivle. Det vert også delvis kjende amerikanske jolasongar, samt musikk av Duke Ellington.
Uni

Julafta-kor

Av Magnar man 03.12.2018 - 10:29
Kor e du på julafta? Nesheim sokneråd ynskjer alle som er i Eksingedalen på julafta hjarteleg velkomne til kyrkja på Nesheim. I tillegg er det eit ynskje om å få til eit kor slik som for to år sidan. Der er alle songarar velkomne til å vera med.

Blåtimar, kvardagspoesi og advent

Av Liv Anne tir 27.11.2018 - 13:47
Ei nydeleg veke med stålis og blåtimar avsluttar november. I tillegg er det kjekke aktivitetar å delta på i slutten av veka:

Fredag 30.november kl 10.30 - 12.30 inviterer Eksingedalen skule til poesikafè.

Same kveld, kl 17.00 invitere Hege til joleopning på butikken på Lavik.

Laurdag 1.desember heldt kvinne- og familielaget til med i Ljosheim, med joleverkstad.

Kommuneplan: Open kontordag og informasjonsmøte

Av Liv Anne man 19.11.2018 - 09:55
Planforslaget til ny kommuneplan er no til høyring. I samband med dette blir det «open kontordag» og informasjonsmøte på skulen i Eksingedalen 3. desember kl 14-18.
Tida mellom kl 14-17 er for interesserte med fokus på einskilde innspel/endringar, enten som «drop-in» eller med avtale.
Kl 17-18 er det informasjon om heile planforslaget, men med stor vekt på utvikling og endringar i Eksingedalen.

Vegstenging på fjellet, Fv 313

Av Liv Anne søn 18.11.2018 - 21:15
På grunn av utbetringsarbeid ved Svalhamrane, rett ved Utsikten, vert vegen stengt i lange periodar i tidsrommet 14.november - 20.desember.

ARBEIDSTIDSROM: Måndag - fredag 08.00 - 20.00, laurdag 08.00 - 18.00
Opningstider: 12.00 - 12.30 og 16.00 - 16.30

Fri ferdsel frå laurdag kl 18.00 til måndag kl 08.00

Fiber i vegg

Av Magnar tir 06.11.2018 - 22:50
Å få lagt fiberkabel fram til husveggen til dei i Eksingedalen som ynskjer det, har vore på Eksingedalen Bygdaråd si satsingsliste ei god stund. Etter at mobilutbygginga i dalen no er fullført, er dette arbeidet teke opp att. Dersom du prøver å bestille fiber hjå Telenor får du melding om at det ikkje er planar om utbygging i Eksingedalen. I nedre del av dalen er det sendt ut tilbod om breiband levert over mobilnettet. Kundehandsamarane i Telenor påstår at dette er framtida. Til tross for dette held Bygdarådet fram med arbeidet. Her kan du lesa brevet som er sendt til Telenor.